Over 30 år etter at han døydde, er Olav H. Hauge stadig ein av Noregs mest lesne og folkekjære lyrikarar. Samstundes er ikkje forfattarskapen hans ein statisk storleik. Med nye lesarar som tolkar Hauge på nye måtar endrar forfattarskapen seg med tida. Boka «Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauges dikting» har ein ambisjon om å sjå lyrikken til Hauge med nye auge. Korleis har lesingane av den populære diktaren endra seg over tid? Og kva pregar dagens tolkingar av Olav H. Hauge? Med utgangspunkt i eiga forsking diskuterer Fredrik Parelius og Stein Arnold Hevrøy spørsmålet om korleis vi kan forstå diktinga til Hauge.
Fredrik Parelius er stipendiat i Nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen og har nyleg levert ei doktorgradsavhandling om galskap og lyrikk, der Olav H. Hauge er ein av hovudpersonane. Parelius har òg skrive fleire artiklar om Hauge sin forfattarskap, mellom anna ei nytolking av den vidgjetne sonetten «Gullhanen».
Stein Arnold Hevrøy er konservator i Nynorsk kultursentrum, og har skrive fleire artiklar om Olav H. Hauge.
Begge er redaktørar og artikkelforfattarar i boka «Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauge» (2024).
- 1/3
Stein Arnold Hevrøy Sunniva Lund Osdal / Nynorsk kultursentrum - 2/3
Fredrik Parelius Privat - 3/3
Her må då ordi koma