Kurs, møte, selskap eller konsert?

Lokala i Aasentunet høver godt for ulike typar arrangement. Vi tilpassar tilboda om utleige og ev. omvising til gruppestorleik, selskap eller møte.

Salen har 110 gode sitjeplassar i amfi. I tillegg er det plass til inntil 40 i trappene. Kafeen har normalt om lag 50 plassar fordelt på småbord, men her kan kapasiteten aukast vesentleg ved førehandstinga servering.

I tillegg til rein romutleige, kan vi tilby servering av alt frå kaffi og svele til treretters middag. Vi tilbyr sjølvsagt også omvisingar i utstillingane i nybygget og i gamletunet, gjerne som ein del av ein seminardag.

Leige av lokale i Aasentunet må tingast seinast ein månad i forkant av arrangementet.
Avbestilling mindre enn 14 dagar før arrangementet vert fakturert med 50% av leigekostnaden.
Vi gjer unnatak for gravferd og minnestund.

Kafeen

Kafeen har normalt omlag 50 plassar fordelt på småbord, men her kan kapasiteten aukast vesentleg ved førehandstinga servering.
Kapasitet:

  • Mottak (ståande): 120
  • Servering (sittande): 50

Salen (amfi)

Salen har 110 gode sitjeplassar i amfi. I tillegg er det plass til inntil 40 i trappene.
Kapasitet:
  • Sitteplassar (stolar): 110

Uteamfi

Uteamfi med tak over scene. Stemninsgfullt og perfekt for ein varm sommarkveld.
Kapasitet:
  • Sitteplassar (amfi): 300
  • Sitte-/ståplassar (utanfor amfi): 300+

Prisliste

Gjeld frå 1. april 2022.

Leige av lokale i Aasentunet må tingast seinast ein månad i forkant av arrangementet.
Avbestilling mindre enn 14 dagar før arrangementet vert fakturert med 50% av leigekostnaden.
Vi gjer unnatak for gravferd og minnestund.

Prisane inkluderer bruk av teknisk utstyr.

Sjå prisar for ideelle lag og organisasjonar.

Omvising for grupper på minst 10 personar
100 kr per person.
For grupper utanom arbeidstid er det dobbel pris.
Prisen inkluderer film, omvising og vitjing i utstillingane i Ivar Aasen-tunet.

Leige av lokale
2 500 kr
1 500 kr
3 000 kr
Arrangement i Salen med billettinntekter

Sjå opningstider.
Merk! For arrangement gjeld prisen + 10 % av brutto billettinntekter.
Ved ønskje om stemming av flygelet dekkjer leigetakar kostnadane for dette.

Prisliste ideelle lag og organisasjonar

Gjeld frå 1. april 2022.

Leige av lokale i Aasentunet må tingast seinast ein månad i forkant av arrangementet.
Avbestilling mindre enn 14 dagar før arrangementet vert fakturert med 50% av leigekostnaden.
Vi gjer unnatak for gravferd og minnestund.

Prisane inkluderer bruk av teknisk utstyr.

Omvising for grupper på minst 10 personar
100 kr per person.
For grupper utanom arbeidstid er det dobbel pris.
Prisen inkluderer film, omvising og vitjing i utstillingane i Ivar Aasen-tunet.

Leige av lokale
2 000 kr
1 000 kr