Eit dikt blir til

”Nordmannen” høyrer til i diktsamlinga Symra. Ivar Aasen brukte 12 år på å skape den endelege versjonen.

Forfattar
OTTAR GREPSTAD

”Nordmannen” blei første gongen trykt i diktsamlinga Symra som Ivar Aasen gav ut i 1863. Denne boka med 24 songdikt har språkforskaren og Aasen-kjennaren Terje Aarset kalla mor til alle dei nynorske songbøkene. Den vesle boka ligg til grunn for ein annan litterær tradisjon også: det nynorske diktet.
 
Diktsamlinga kom i tre utgåver:
•Symra. Tvo Tylfter med nya Visor, juni 1863
Symra. Tvo Tylfter med nya Visor, 2. utgåva desember 1867
•Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim, 3. utgåva mai 1875
 
Fleire notat frå Ivar Aasen frå 1862 og 1863 syner at han arbeidde mykje med sjølve innhaldslista og korleis samlinga skulle byggjast opp. Boka er altså ei nøye komponert samling av dikt og songar. I alle tre utgåvene stod ”Nordmannen” som dikt nr. to etter det innleiande diktet ”Fyrestev”, mellom ”Gamle Norig” og ”Dei gamle Fjelli”.
 
Med ”Nordmannen” som overskrift plasserte Aasen sitt eige folk mellom historia i ”Gamle Norig” og naturen i ”Dei gamle Fjelli”. Saman med to andre dikt utgjer dei fem første visene i boka ein bolk om menneskets rolle i historia og naturen. ”Nordmannen” er eit patriotisk dikt, men lite ha-stemt og utan den historiske patos som til dømes Bjørnsons dikt har så mykje av.
Manuskript til ”Nordmannen”
Arkivet i Ivar Aasen-tunet inneheld 218 handskriftdokument av Ivar Aasen, gitt i gåve av familien Djupedal i 2000. Blant desse er fire manuskript til ”Nordmannen”, nummererte frå A til D. Nasjonalbiblioteket har eit femte manuskript, her kalla E. Manuskript E på Nasjonalbiblioteket kan truleg tidfestast til vinteren 1862–63, og er i så fall det eldste. Dette inneheld tre strofer som ikkje er med andre stader, og som til liks med fleire andre strofer aldri blei prenta.  
 
Manuskript A er identisk med den første versjonen som kom på prent i 1863, berre ikkje reinskriven. Dette manuskriptet kan difor reknast som eit førelegg til det endelege manuskriptet til førsteutgåva av Symra. Dette reinskreiv Aasen i april og mai 1863. I dagboka skriv han 26. mai 1863: ”Afleveret ’Symra’ til Malling.” Manuskript A kan såleis truleg tidfestast til vinteren eller våren 1863.
 
Manuskripta B, C og D skriv seg truleg frå vinteren og våren 1867. Desse manuskripta skil seg meir eller mindre frå trykte versjonar eller andre handskrifter. Alle har dei fem strofer felles, og det kan tyde på at dei er frå same tidsrommet.
 
Mellom dei 218 handskriftene i Aasen-tunet finst det også ei eller to strofer som er så ulike dei andre strofene at dei kan reknast som sjølvstendige strofer og ikkje som reine variantar.
Manuskript C inneheld fem strofer. Fire av desse er variantar av strofer som kom på prent. Ei femte strofe finst berre i dette manuskriptet.
Versjonar og variantar
Ivar Aasen skreiv minst 15 ulike strofer til diktet ”Nordmannen”. 11 av desse kom på prent, og berre fem av dei er med i diktarens siste versjon.
 
Det han ikkje endra på, var opningsstrofa med den kjende førstelinja ”Millom Bakkar og Berg utmed Havet”. På norske førarkort har opningsorda i fleire år vore brukte som ein del av vernet mot forfalsking. 
 
I litteraturvitskapen rår det tekstkritiske prinsippet at det er diktarens siste versjon som gjeld. Det vil i dette tilfellet seie versjonen frå Symra i 1875. Berre nokre få rettskrivingsendringar skil denne versjonen frå den Aasen hadde publisert i andre utgåva av Symra åtte år tidlegare. Sjølv om Aasen prøvde seg fram, blei han ståande ved den versjonen som han publiserte i 1867.
 
Av og til kan det ha noko for seg å bruke diktarens første versjon. Det kan også ha stor interesse å studere det som måtte finnast av endringar frå ein førsteversjon fram til siste versjonen. Prinsippet står likevelt sterkt: Det er diktarens siste versjon som er diktarens autoriserte versjon.
Han eller eg?
Ivar Aasen arbeidde mykje med nokre av verselinjene i ”Nordmannen”. Ei av dei strofene han heldt mest på med, var ”Og naar Liderna grønka som Hagar”. Eit manuskript i Aasen-tunet inneheld 21 variantar av heile denne strofa eller nokre av verselinjene i strofa. Også for fleire andre strofer ligg også føre frittståande variantar.
 
Manuskriptet med dei 21 variantane av den nemnde strofa må vere frå tida før andre utgåva av Symra i desember 1867. Det var særleg dei to sluttlinjene i strofa som ikkje kom på plass. Det var desse linjene som skulle avslutte det heile. Her prøvde Aasen seg med det meste, frå omvendt ordstilling til ymse vendingar som nok ville ha vore ganske ha-stemte i dag.
 
Dette handskriftet røper ein ting til. Ivar Aasen lurte på om han skulle sleppe til eit lyrisk eg i siste linja, om det var best med ei nøytral vending utan noko personleg pronomen, eller om han skulle halde på 3. person i denne linja til liks med det han hadde gjort det i dei tidlegare strofene. Berre i ein av dei 21 variantane er det han som ikkje veit noko venare å sjå. Slik blei det.
Tittelen
Ivar Aasen hadde ”Nordmannen” med i alle tre utgåvene av diktsamlinga Symra. Her brukte han alltid tittelen ”Nordmannen”. I 1867 kom det to visetrykk, begge med tittelen ”Mellom Bakkar og Berg”. I handskriftene er det brukt tittel berre i manuskript B. I andre manuskript brukte Aasen tittelen berre når han arbeidde med innhaldslistene til utgåvene av boka.
 
Det er vanleg at songar får namn etter opningsorda i første linja i første strofa. Difor er tittelen ”Nordmannen” i nær sagt alle diktantologiar, men som regel ”Mellom bakkar og berg” i songbøkene.
Ein av Ivar Aasens handskrivne originalar av "Nordmannen", med fem vers. På dette vesle arket har han også skrive eit anna dikt, og nokre stikkord.

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre