Hopp til hovudinnhald

Gjennom brend by til Tante Ulrikkes vei

Utstillinga syner vinnarane av Tarjei Vesaas» debutanpris frå 1964 til i dag.

  • Samanstilling av 10 bokomslag med ulike fargar, titlar og grafisk formgjeving
    1/1

Då Tarjei Vesaas vann Nordisk Råds Litteraturpris tok han ikkje prispengane sjølv. Han valde å bruke dei på å opprette ein ny pris: Tarjei Vesaas’ debutantpris. Dotter av Tarjei Vesaas, Guri Vesaas, kan gje oss eit svar på kvifor han gjorde dette:

Han meinte det var svært viktig å støtte dei unge, nye diktarspirene, for ”det er dei som held diktinga i live”, sa han. Han visste av eiga erfaring kor stridt det kan vere å debutere, og ikkje minst å halde fram å skrive. For ikkje å snakke om dei økonomiske problema som ligg og ventar, sikrare enn banken.

I ein tekst om sitt eige liv som forfattar og debutant skriv Tarjei Vesaas:

Der det ikkje er rørsle framover, lurer døden. Difor skulle folk vera takksame over at det finst dei som brukar dyr ungdomstid på noko fullkome lønlaust, fordi dei har ein song i seg.

Med debutantprisen har Tarjei Vesaas vore ein stødig og varig bidragsytar til det litterære mangfaldet i Noreg, lengje etter at han sjølv gjekk bort.

Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.

Storleik (ferdig montert): Sjølve utstillinga er ei dekorert kasse på hjul med eit utval av bøker frå vinnararne av Tarjei Vesaas» debutantpris. Kassa måler 54 cm breid x 67 cm djup x 165 cm høg. Kassa måler ca 120 cm i diameter med døra open, og utstillinga er lett å sette opp.

Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Kurator:
Per Magnus Finnanger Sandsmark, Kristian W. Rantala og Siri Beate Gjerde

Samarbeidspartnarar:
Aina Griffin (Formgjevar)

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2