Frå Olav H. Hauge vart fødd i Ulvik i 1908 til han døydde i 1994 gav han ut åtte diktsamlingar og seks gjendiktingar frå fransk, tysk og engelsk. Sjølv er han omsett til 25 språk. Utanom fire år i gartnarlære utanbygdes budde han i Ulvik i Hardanger heile tida, og livnærte seg som fruktbonde og gartnar.
Litteraturvitaren Idar Stegane skriv at dikta til Hauge både tek utgangspunkt i bygdelivet og naturen på den eine sida og ein omfattande interesse i internasjonal litteratur på den andre sida. Hos Hauge går litteraturen og kvardagen i hop, på eitt vis. Det er kanskje det som har vore med på å gjere han til ein folkekjær lyrikar. Då NRK skulle kåre det beste diktet i Noreg gjennom alle tider i 2016 blei «Det er den draumen» kåra til det beste diktet, og diktet «Kvardag» var ein av fem andre finalistar.
Etter at Hauge døydde har kona Bodil Cappelen publisert brevvekslinga mellom dei to. Under Hauges ord av diktarvenen Jan Erik Vold inneheld òg samtalar og brev. Olav H. Hauge sine dagbøker i fem band på over 4 000 sider er eitt av dei mest omfattande dagbokverka i verdslitteraturen.
Olav H. Hauge omtalte mange historiske og samtidige forfattarar og filosofar frå inn- og utland i dagbøkene sine, og har brukt tankane deira i dikta sine. Du kan dermed bli kjend med verdslitteraturen gjennom å lese dikta og dagbøkene til Hauge. I dag er det mange unge norske poetar som let seg inspirere av Olav H. Hauge, og tradisjonane etter han lever vidare.
-
- 2/21
Familien Hauge rundt 1930. Bak frå venstre: Anna, Pål, Olav og Oddmund Hauge. Framme: far Håkon og mor Katrina - 3/21
Jan Erik Vold vitjar Olav H. Hauge i Ulvik sommaren 1973. Her fotografert i hagen ved Brakanes hotell. - 4/21
Olav H. Hauge og Bodil Cappelen i stova på Rossvoll 1980. - 5/21
Hauge les av målingane på ein vèrstasjon i Ulvik i 1949. - 6/21
Den amerikanske forfattaren Robert Bly på vitjing i Ulvik i april 1994. Biletet er henta frå digitaltmuseum.org - 7/21
Hauge i gamlebyen i Warszawa, 1978. - 8/21
Foreldra til Hauge. Håkon Hauge (1877-1954) og Katrina Hakestad (1873-1975) - 9/21
Hauge i huset på Rossvoll. - 10/21
"Gartnaren drøymer". Rossvoll, Ulvik. -
- 12/21
Hauge i skrivestova på Rossvoll. - 13/21
Den unge Hauge hjå fotograf Per Braaten på Voss. - 14/21
Jon Fosse på besøk hjå Olav H. Hauge i Ulvik. - 15/21
Hauge på besøk hjå diktarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Her med barneborna til Vesaas, Øystein og Hilde. Det er journalisten Erling Lægreid (t.h.) som tek Hauge med til Vinje. - 16/21
Far til Hauge, Håkon Hauge (1877-1954), her rundt 1950. - 17/21
Gartnarlærlingen Olav H. Hauge og dei to tvillingdøtrene til forsøksleiar Per Stedje, Turid (t.v.) og Kjellaug Stedje. - 18/21
Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. - 19/21
Gartnaridyll i Ulvik 1959. Bilete er teke av ein pressefotograf frå Bergen. - 20/21
Olav H. Hauge ved Njøs forsøksgard i Sogn, 1932. - 21/21
Hauge i hagen ved slutten av 1950-åra.
Kjelder
Idar Stegane: «Olav H. Hauge», allkunne.no [lesedato 3.12.2019]
Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018
Denne teksten er publisert med lisensen CC-BY-SA. Bruk gjerne denne teksten, men skriv at denne sida er kjelda.