Hopp til hovudinnhald

Med blikk for republikk

Då Noreg igjen fekk ein eigen kongefamilie i 1905, skjedde det ikkje utan motstand i folket.

  • Plansje frå utstillinga
    Frå utstillinga

Republikanske røyster hadde i fleire tiår teke til orde for ein president, og i tida fram mot folkerøystinga i november 1905 intensiverte denne debatten seg. Fleire målfolk var blant dei mest aktive debattantane på republikksida.

Folkerøystinga gav eit klart fleirtal for kongedøme, og debatten om statsform blei lagt død for lang tid framover. Frå tid til annan dukkar likevel debatten opp att, men ikkje med nok kraft til at kongehuset er trua. 

Utstillinga ser på korleis det har vore å vere republikanar i Noreg i tida etter 1905. Etter det vi veit, er dette den einaste utstillinga som er laga om republikanarar i jubileumsåret.

Utstillinga er produsert med tilskot frå Hundreårsmarkeringa Noreg 2005.

Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.

Storleik (ferdig montert): Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Produsert av
Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Svein Arne Myhren, Ottar Grepstad
Samarbeidspartnarar: Aina Griffin (formgiving), Colormaster (produksjon), Hundreårsmarkeringa Noreg 2005 (produksjonsstøtte)

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2