Om Nynorsk kultursentrum

Me aukar kunnskapen og medvitet om nynorsk skriftkultur.

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein kulturinstitusjon som gjennom vitskap og kunst arbeider for ein kulturell fellesskap i Noreg der det språklege mangfaldet er sjølvsagt.

Me har over 25 tilsette som arbeider frå Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta, mange samarbeidspartnarar i heile landet og når om lag 100 kommunar i heile landet med arrangement og utstillingar kvart år. Våre kjerneoppgåver er forsking, samling og dokumentasjon og formidling på arenaene våre, turnear og digitalt.

Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit er kongeleg vernar for Nynorsk kultursentrum frå 2021.

Bilete av jente som leikar med ein Tonje Glimmerdal-installasjon i utstillinga ved Vinjesenteret.
Ei av hovudmålgruppene til Nynorsk kultursentrum er barn. Me formidlar nyare og eldre barnelitteratur i musea våre, på turné og på nett. Foto: Nynorsk kultursentrum.

Styret er den øvste leiinga i stiftinga og vedtek budsjett, strategiar, planar og politiske høyringsfråsegner. Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør, er sekretær og kontaktperson for styret.

Reidar Sandal, styreleiar 
Amela Koluder, nestleiar
Kristin Bakken
Sæbjørn Forberg
Siri Beate Gjerde
Lars  Hafting Kvestad
Janne Svarstad Nygård

Varamedlemer:
Monica Bjermeland og Geir Sverre Braut (for Sandal, Koluder, Bakken og Forberg, oppnemnde av Kultur- og likestillingsdepartementet)
Ellen Skodjevåg Bø (for Kvestad og Nygård, oppnemnde av rådet i Nynorsk kultursentrum)
Stein Arnold Hevrøy (for Gjerde, vald av dei tilsette)

Valperioden er 4 år (2 år for tilsettvald), og endringar i styret blir gjort 1. april i partalsår.

Rådet vel to av styremedlemene og valnemnd og gir råd om og kontrollerer at stiftinga følgjer vedtekene. Rådsordførar er observatør i styremøta.

Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør, er sekretær og kontaktperson for rådet.

Hege Lothe, rådsordførar (Vestland fylkeskommune), vara: Toril Mongstad
Unni Fuglestad, varaordførar (Rogaland fylkeskommune), vara: Jon Torger Salte
Carl Morten Amundsen, Det Norske Teatret, vara: Inger Johanne Sæterbakk
Gunnar Yttri, Høgskulen på Vestlandet, vara: Eli Natvik
Gudrunn Kløve Juuhl, Høgskulen i Volda, vara: Harald Endre Tafjord
Gunnar Strøm, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, vara: Halvor Lilleslett
Edmund Austigard, Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, vara: Håkon Kollmannskog
Rune Hovde, Møre Folkehøgskule, vara: Jarle Strømmegjerde
Jon Aasen, Møre og Romsdal fylkeskommune, vara: Anders Riise
Karl Peder Mork, Noregs Mållag, vara: Monika Haanes Waagan
Per Esben Myren-Svelstad, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, vara: Frode Lerum Boasson
Maria Austbø, Noregs Ungdomslag, vara: Tone Mjelde
Cecilie Rørstad, Stiftinga Viti, vara: Robert Voldnes
Jens Olav Holven, Ulvik herad, vara: Hans Petter Thorbjørnsen
Helga Mannsåker, Universitetet i Bergen, vara: Svein Ivar Angell
Jon Gunnar Jørgensen, Universitetet i Oslo, vara: Unn Røyneland
Ketil Zachariassen, Universitet i Tromsø Noregs arktiske universitet, vara: Åsne Ø. Høgetveit
Maren Njøs Kurdøl, Vestfold og Telemark fylkeskommune, vara: Magnus Halvorsen
Arne Vinje, Vinje kommune, vara: Signe Marie Kittelsaa
Astrid Gjersdal, Volda kommune, vara: Jarle Isene
Tove Halse Digernes, Ørsta kommune, vara: Synnøve Sætre

Vestmannalaget og Møreforsking har ikkje oppnemnd medlemer.

Vedtekne på skipingsmøte 31. august 1993, med endringar frå 8. september 1997, 10. mars 1999, 11. mars 2005, 22. september 2011, 1. oktober 2015, 30. september 2016, 3. oktober 2017, 6. desember 2019 og 2. desember 2020. Sist godkjent av Lotteri- og stiftelsestilsynet 26. februar 2021.

§ 1 Føremål
Namnet på organisasjonen er Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Det engelske namnet er The Norwegian Museum of Written Culture.

Hovudsetet er i Ørsta.

Den ideelle stiftinga arbeider for nynorsk skriftkultur. Med utgangspunkt i føremålet skal stiftinga drive vitskapleg og kulturfagleg aktivitet som aukar kunnskapen og medvitet om nynorsk skriftkultur nasjonalt og internasjonalt. Det gjer museet gjennom dokumentasjon, forvaltning, forsking, formidling, fornying og politisk påverknadsarbeid.

Stiftinga kan drive og ta opp i seg museum og vitesenter, digitale tenester og andre vitskaplege og kulturfaglege tiltak som er med og oppfyller føremålet.

Med utgangspunkt i føremålet skal stiftinga samarbeide nasjonalt og internasjonalt med vitskaplege og kulturfaglege institusjonar.

Stiftinga skal arbeide i tråd med ICOMs museumsetiske regelverk.

§ 2 Grunnfond
Stiftinga skal ha eit grunnfond på minimum 100 000 kroner.

§ 3 Driftsinntekter
Driftsinntektene for stiftinga Nynorsk kultursentrum, medrekna offentleg og privat til-skot, skal gå til å dekkje driftsutgiftene for dei tiltaka stiftinga set i verk og har ansvar for. Overskot skal ikkje betalast ut, men brukast i arbeid for hovudføremålet.

§ 4 Styret
Styret skal leie arbeidet med stiftinga i samsvar med føremålet. Det skal føre tilsyn med forvaltning av økonomi og ressursar og vere hovudansvarleg for å gjennomføre stiftingstiltaka.

Styret har sju medlemer. Fire medlemmer blir oppnemnde av staten for fire år om gongen, to blir oppnemnde av rådet i tråd med § 6 i vedtektene for fire år om gongen, og ein av dei tilsette for to år om gongen. Alle oppnemningar er frå 1. april. Staten oppnemner to varamedlemer i prioritert rekkjefølgje for fire år om gongen. Rådet og dei tilsette oppnemner ein varamedlem kvar, begge for to år om gongen. Ved første gongs oppnemning skal to statsoppnemnde og ein rådsoppnemnd styremedlem med varamedlem oppnemnast for to år. Så langt råd er, skal like mange kvinner og menn oppnemnast eller veljast til styret. Ingen styremedlem kan sitje meir enn åtte år i samanheng.

Styret er vedtaksført når minst fire styremedlemer er til stades.

Styret skal kvart år fastsetje årsoppgjeret innan dei til kvar tid gjeldande fristar frå Kulturdepartementet. Innan utgangen av april annakvart år skal styret velje leiar og nestleiar.

Styret skal tilsetje dagleg leiar og utarbeide arbeidsinstruks for denne.

§ 5 Revisjon
Årsoppgjer skal reviderast av statsautorisert revisor. Revisor blir vald av rådet.

§ 6 Rådet
Rådet skal sjå til at stiftinga arbeider i samsvar med føremålet. Rådet kan vedta fråsegner om alle spørsmål som vedrører stiftinga, men kan ikkje gi bindande pålegg til styret.

Rådet skal ha minst 15 medlemer med personlege varamedlemer, alle oppnemnde for to eller fire år om gongen. Desse institusjonane har rett til å oppnemne medlem med varamedlem til Rådet:
Det Norske Teatret
Høgskulen i Volda
Høgskulen på Vestlandet
Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Litteraturselskapet Det Norske Samlaget
Musea på Sunnmøre
Møre Folkehøgskule
Møre og Romsdal fylkeskommune
Møreforsking
Noregs Mållag
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Noregs Ungdomslag
Rogaland fylkeskommune
Ulvik herad
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Vestland fylkeskommune
Vestfold og Telemark fylkeskommune
Vestmannalaget
Vinje kommune
Volda kommune
Ørsta kommune

Rådet kan samrøystes vedta at nye institusjonar får rett til kvar å oppnemne ein representant med personleg varamedlem til rådet, dersom institusjonen sluttar seg til føremålet for stiftinga og betaler inn minst 10 000 kroner til grunnfondet. Slikt vedtak om tilslutning frå nye institusjonar er ikkje ei formell vedtektsendring i høve til § 8.

Institusjonar som oppnemner representantar til rådet, skal så langt råd er, oppnemne ei kvinne og ein mann. Ingen rådsmedlem kan sitje meir enn åtte år i samanheng.
Rådet vel ei valnemnd på tre medlemer for to år om gongen. Ein av medlemene i nemnda skal vere rådsmedlem, ein annan blir vald etter innstilling frå styret i Nynorsk kultursentrum. Ved kvart val går minst ein medlem ut slik at kvar medlem kan ha ei funksjonstid på inntil seks år.

Rådet skal ha ein ordførar, som skal innkalle til og leie rådsmøta, og ein varaord-førar. Ordførar og varaordførar skal veljast for to år om gongen. Vala skal vere gjort innan utgangen av april annakvart år.

Rådet skal oppnemne to styremedlemer med ein varamedlem og velje revisor for stiftinga.

Rådet skal ha minst eitt møte i året, til drøfting av årsoppgjer og drifta av stiftinga. Rådet er vedtaksført når eit fleirtal av dei oppnemnde medlemene er til stades. Rådsmøta er opne. Stiftinga Nynorsk kultursentrum stiller sekretær til rådvelde for rådet.

§ 7 Godtgjersle
Valnemnda innstiller til rådet om reglar for godtgjersle for verv i Nynorsk kultursentrum og kor stor godtgjersla skal vere. Rådet gjer endeleg vedtak i saka.

§ 8 Vedtektsendringar
Styret kan vedta endringar i vedtektene med 5/7 fleirtal. Framlegg om vedtektsendringar må gå fram av innkallinga til møtet. Før endringar av vedtektene blir vedtatt skal framlegg drøftast i rådet og leggjast fram for Kulturdepartementet til fråsegn. Vedtektsendringar er bindande frå det tidspunktet dei er godkjende av styresmaktene som har mynde til det etter gjeldande lovverk.»

§ 9 Oppløysing
Styret kan vedta å oppløyse stiftinga med 5/7 fleirtal. Oppløysingsvedtak er berre gyldig dersom rådet har slutta seg til oppløysingsvedtaket med 3/4 fleirtal. Framlegg om oppløysing må gå fram av møteinnkalling. Dersom stiftinga blir oppløyst, skal alle aktiva overførast til eit fond som skal nyttast til å fremje arbeidet for nynorsk skriftkultur.

§ 10 Avhending av eigedom
Den rørlege og urørlege eigedomen til stiftinga kan ikkje avhendast, med mindre det følgjer av gjenstandens art eller føremålet med å tileigne seg gjenstanden.

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, får både driftstilskot, prosjekttilskot, gåver og kompensasjonsordningar. Summane under er hittil løyvde tilskot for 2022. Enkelte aktørar har gitt fleire formar for tilskot.

Kultur- og likestillingsdepartementet (23 725 000)
Vinje kommune (1 557 400)
Ulvik herad (1 550 000)
Vestland fylkeskommune (1 193 045)
Vestfold og Telemark fylkeskommune (871 600)
Møre og Romsdal fylkeskommune (500 000)
Kulturrådet (480 000)
Fritt Ord (280 000)
Sparebanken Vest (200 000)
Sparebank1 Søre Sunnmøre (175 000)
Sparebankstiftinga Hardanger (150 000)
Sparebank1 Midt-Norge (125 000)
Ørsta kommune (90 000)
Volda kommune (90 000)
Bergesenstiftelsen (70 000)
Ålesund kommune (30 000)
Arkivforbundet (26 000)
Fjord kommune (15 000)
Giske kommune (15 000)
Hareid kommune (15 000)
Herøy kommune (15 000)
Sande kommune (15 000)
Stranda kommune (15 000)
Sula kommune (15 000)
Sykkylven kommune (15 000)
Ulstein kommune (15 000)
Vanylven kommune (15 000)