Skriftspråket

Det nynorske skriftspråket byggjer på norsk folkemål. Dei fleste norsktalande nyttar eit språksystem og eit ordtilfang som ligg nærmare nynorsk enn bokmål.


Forfattar
ROLF THEIL

Språkfamilie
Nynorsk er eit nordisk (eller nordgermansk) språk. Nordisk er ei grein av germansk, som er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Det er vanleg å dele dei nordiske språka i to greiner, vestnordisk og austnordisk. Islandsk, færøysk, det utdøydde språket norn (som blei talt på Shetland, Orknøyane, Hebridane og i delar av det skotske fastlandet) og nynorsk er vestnordiske språk, medan svensk og dansk er austnordiske. Bokmål ligg på grensa mellom vestnordisk og austnordisk.

Ut frå korleis språka er innbyrdes forståelege, blir moderne nordisk òg delt i skandinavisk eller fastlandsnordisk (norsk, svensk og dansk) og øynordisk (islandsk og færøysk). Etter norrøn tid har norsk i stor grad følgt dei same utviklingslinjene som svensk og dansk – både i lydverk, grammatikk og ordtilfang.

Språkhistorie
Urnordisk oppstod då nordisk skilde lag med annan germansk i dei første hundreåra etter Kristi fødsel. Kring 700 delte urnordisk seg i norrønt (gamalvestnordisk) og gamalaustnordisk, men skilnadene var relativt små, og alt nordisk språk blei lenge kalla dǫnsk tunga («dansk tunge»). Frå 700-talet til 1350 var norrønt språket i Noreg, frå 800-talet også på Færøyane og Island. På 1000-talet oppstod eit skilje mellom færøysk og norsk på den eine sida og islandsk på den andre.

I den mellomnorske tidbolken, frå 1350 til 1525, då færøysk og norsk skilde lag, fekk skandinavisk store mengder lånord frå nedertysk, språket til hanseatane. Dei nedertyske lånorda – til dømes substantiva arbeid og vilkår og verba skildre, bruke, føle, nytte, prate og snakke – trengde unna gamle nordiske ord og gjorde det vanskelegare for danskar, svenskar og nordmenn å forstå færøysk og islandsk, og omvendt. Den mellomnorske bolken fall saman med Kalmarunionen (1389/1397–1521) mellom Danmark, Sverige og Noreg, med Danmark som dominerande part. Då trengde dansk bort norsk som skriftspråk. Stillinga til dansk skriftspråk blei endå sterkare etter reformasjonen i 1536, då Noreg kom under dansk styre, og ein dansk bibel, Christian IIIs Bibel, frå 1550, blei spreidd i Noreg.

Det norske språkstadiet etter 1525 kallar vi moderne norsk eller nynorsk. Gjennom arbeidet til Ivar Aasen blei norsk skriftspråk att på 1800-talet, under namnet Landsmaal (det vil seie målet for heile landet), frå 1917 skrive landsmål, og sidan 1929 kalla nynorsk (i motsetnad til gamalnorsk). 

Gjennom eit stortingsvedtak 12. mai 1885 blei landsmålet – «det norske Folkesprog» – jamstilt med dansk – «vort almindelige Skrift- og Bogsprog», og i 1892 blei det tillate å nytte landsmålet i skulen.

To skriftspråk

Det som gjer den norske språkstoda noko komplisert, er at frå og med 1700-talet blei dansk talemålet i høgare sosiale lag. Føredømet var talemålet til høgare samfunnslag i København. Dansk med norsk aksent – eller talemålet i den dansk-norske språktradisjonen – gjekk eit stykke inn på 1900-talet under namnet «den dannede dagligtale». Det har eigne variantar i storbyane – til dømes «penbergensk» i Bergen, «fintrøndersk» i Trondheim og «standard austnorsk» i Oslo.

Dei fleste stader står dette talemålet i motsetnad til folkemålet, men dei to talemåla glid ofte gradvis over i kvarandre gjennom ulike sosiale lag. Særleg i byane har folkemålet mange lånord frå «den dannede dagligtale». Dansk skil mellom verba spise («tilføre kroppen (nødvendig) næring gennem mund og hals; indtage mad») og æde («indtage føde; spise – om dyr») (definisjonar frå Den Danske Ordbogordnet.dk), og dette skiljet har via spise og ete i «den dannede dagligtale» kome inn i folkemåla i mange norske byar, medan bygdedialektane i stor grad nyttar ete om både folk og dyr, slik det var på norrønt, og slik det framleis er på andre germanske språk – jamfør islandsk og færøysk eta, svensk äta, tysk essen, nederlandsk eten og engelsk eat.

Eit eige skriftspråk i den dansk-norske språktradisjonen blei utvikla gjennom språkplanlegging tidleg på 1900-talet. Det danske skriftspråket blei revidert, med «den dannede dagligtale» i byane som mønster. Det første steget blei teke med reforma i 1907, då vaade øine («våte auge») blei til vaate øine. Endringane i 1917 til våte øine og i 1938 til våte øyne var berre overflatiske justeringar av rettskrivinga, på grunnlag av akkurat same uttale. Bokstaven å blei lånt frå svensk i 1917 og skrivemåten øy blei lånt frå nynorsk i 1938. Slike ortografiske endringar gjorde at bokmålet fekk ei grafisk form som avveik meir frå dansk, som òg har gjennomgått slike ortografiske endringar, sidan 1948 med skrivemåten våde øjne.

Dansk skriftspråk var sidan 1800-talet blitt kalla Rigsmaal både i Danmark og Noreg. Det nye skriftspråket som blei utvikla frå dansk, bytte namn frå riksmål til bokmål i 1929. Etter 1929 levde ordet riksmål vidare som namn på ein meir tradisjonell, uoffisiell variant av bokmålet, men etter rettskrivingsendringane i 2005 blei skilnaden på skriftspråka bokmål og det uoffisielle «riksmålet» så å seie borte.

Ved skriftspråksreformene i 1917 og 1938 blei mange norske ord og bøyingar tekne inn i riksmål/bokmål, men dei slo stort sett berre igjennom om dei var i vanleg bruk i talemålet i høgare sosiale lag i hovudstaden, som kusaufuru og dere, mot dansk ko, fårfyr og I/eder. Nokre danske former gjekk ut av rettskrivinga i 1938, men mange blei tekne inn att i 1981 og 2005, samtidig som mange norske former blei fjerna.

Nynorsk rettskriving
Landsmål/nynorsk har vore igjennom ein lang språkplanleggingsprosess. Dei viktigaste endringane skjedde i 1901, 1910, 1917, 1938, 1959 og 2012. Før 1901 følgde dei som skreiv landsmål, i hovudsak rettskrivinga til Ivar Aasen, med ein del individuell variasjon. Med rettskrivinga i 1901 kom det eit skilje mellom hovudformer og sideformer. Hovudformene skulle nyttast i lærebøker, men elevane kunne òg nytte sideformene. Systemet med sideformer blei avskaffa i 2012, då vi på fleire punkt fekk ei strammare norm.

Det er ei viss usemje mellom nynorskbrukarar om revisjonane, og nett som ein del bokmålsbrukarar lenge nytta ei uoffisiell norm dei kallar riksmål, finst det uoffisielle nynorsknormer. Eit døme finn vi i Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm (Oslo 2017), redigert av Arvid Langeland. Det finst òg ei høgnorskrørsle, som i hovudsak held seg til 1917-normalen.

Språksystem
Eit karakteristisk drag ved norsk er måten binding (skiljet mellom ubunden og bunden form) blir uttrykt på i ein nomenfrase. Sjå først på dei engelske nomenfrasane an old car («ein gamal bil») og the old car («den gamle bilen»), der berre artiklane an og the viser om frasen er ubunden eller bunden.

I dei tilsvarande danske frasane en gammel bil og den gamle bil er bindinga uttrykt ved både artiklar og adjektiv. På norsk uttrykkjer vi tre gonger at frasen er ubunden eller bunden: ein gamal bil, mot den gamle bilen. Her liknar norsk på svensk og færøysk, der det heiter høvesvis en gammal bil / den gamla bilen og ein gamal bilur / tann gamli bilurin. Islandsk vel ei anna løysing – adjektivet og substantivet viser binding, men det er ingen artiklar: gamall bíll / gamli bíllinn.

Ønskjer vi å ta med eigedomspronomenet min, set vi det på norsk etter den gamle bilen, slik at vi får den gamle bilen min. På dansk er ikkje den med, og min står først: min gamle bil. Her skil òg svensk lag med norsk og følgjer same mønster som dansk: min gamla bil. Færøysk liknar derimot norsk: tann gamli bilurin hjá mær, bokstavleg «den gamle bilen hos meg». Islandsk set òg eigedomspronomenet til etter ein vanleg bunden frase, og utan artikkel: gamli bíllinn minn.

Tre kjønn mot to kjønn

Det nynorske skriftspråket og radikalt bokmål har tre grammatiske kjønn – hankjønn, hokjønn og inkjekjønn – og skil seg frå moderat bokmål og svensk og dansk skriftspråk, som berre har to grammatiske kjønn – felleskjønn og inkjekjønn 

Talet på grammatiske kjønn utgjer likevel ikkje noko klart skilje mellom dei fastlandsnordiske språka. I tradisjonelle svenske dialektar er det vanleg med tre kjønn, og dialektane på dei fleste danske øyane og austlege delar av Jylland har hatt tre kjønn inn i nyare tid. Fleire norske storbydialektar er på veg mot to kjønn.

Meir informasjon

Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk. Lyd- og ordlære. Oslo 1970 (2. utg. 1986)

Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo: Norsk referansegrammatikk. Oslo 1997

Arne Garborg: Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Et Forsøg paa en omfattende Redegjørelse, formet som polemiske Sendebreve til Modstræverne. Kristiania 1877

Marius Hægstad: Norsk maallæra eller grammatik i landsmaalet, 1. utg. Namsos 1879, 8. utg. Bergen 1912

Leiv Heggstad: Norsk grammatik for skule-ungdom. Kristiania 1914

Leiv Heggstad: Norsk grammatikk (større utgåve). Oslo 1931

Oddmund Løkensgard Hoel: Mål og modernisering 1868–1940. (Norsk målreising II). Oslo 2011

Jens Johan Hyvik: Språk og nasjon 1738–1868. (Norsk målreising I). Oslo 2010

Gustav Indrebø: Norsk målsoga. Bergen 2001

Arvid Langeland (red.): Nynorsk ordliste. Tradisjonell og einskapleg norm. Oslo 2017

Helge Sandøy og Agnete Nesse (red.): Norsk språkhistorie I–IV. Oslo 2016–2017

Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag av norsk språkhistorie. Oslo 2014

Ivar Aasen: Norsk Grammatik. Kristiania 1864

Ivar Aasen: Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Kristiania 1873

Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World’s Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Dette er ein forkorta versjon av artiklane «norsk» og «nynorsk» i det nynorske oppslagsverket Allkunne

Det nynorske skriftspråket byggjer på norsk folkemål. Dei fleste norsktalande nyttar eit språksystem og eit ordtilfang som ligg nærmare nynorsk enn bokmål.