Hopp til hovudinnhald

Norsk målungdom på 1960-talet

Då Norsk Målungdom, den gong kalla Noregs Student- og Elevmållag, vart skipa i 1961 vart det startskotet for ein samla nasjonal ungdomsorganisasjon som arbeidde for målsaka. På 1960-talet arbeidde dei særleg for å få høgskular i distrikta.

  • ein skrivepult med skrivemaskin og aviser og bøker. På veggen heng det ein plakat og ei oppslagstavle med flygeblad.
    1/1

Meir om Norsk målungdom på 1960-talet

Noregs Student- og Elevmållag (NSEM) vart formelt stifta på Vinstra 3. august 1961, dagen før årsmøtet i Noregs Mållag. Målkampen mellom unge hadde utvikla seg ved ulike lærestader over heile landet og vart no formalisert på nasjonalt plan. Ved etableringa var det ikkje formelle band mellom dei to laga, og det skulle gå heilt fram til 1969 før det kom på plass ein meir omfattande og konkret samarbeidsavtale mellom dei. Dei første åra var det relativt lite samhandling, bortsett frå at dei heldt landsmøta sine i samband med kvarandre fram til 1967.

Dei elev- og studentmållaga som no slo seg saman i NSEM, med 25 år gamle Eirik Aksel Larsen som den aller første formannen, hadde tidlegare vore lokallag i Noregs Mållag. Kjellaug Jetne vart første kvinnelege leiar i 1966. NSEM fekk no status som fylkeslag i Noregs Mållag, men heldt på ordninga med interne lokallag ut frå geografi og særleg lærestad. Dette hang saman med at medlemslaga for det meste var elev- og studentmållag ved vidare og høgare utdanning. Fram til 1968 var Studentmållaget i Oslo (SmiO) laget sitt hovudsete. Det året tok Studentmållaget i Bergen over leiarroret, før det vart flytta attende til Oslo i 1970.

Avisa Apropos, som kom ut første gong i 1959, vart eit viktig organ for utviklinga av det unge mållaget. Ho var i utgangspunktet knytt til Studentmållaget i Oslo, men fungerte etter kvart òg som ei medlemsavis for NSEM sidan SmiO var hovudsete for begge. Unge, skarpe og lærde pennar sette standarden for korleis avisa og målarbeidet utvikla seg utover på 1960-talet. Mot slutten av tiåret og vidare utover på 1970-talet var opplaget oppe i fleire tusen, og avisene vart flittig delte ut på skular og studiestader over heile landet. Sentralt i arbeidet til NSEM stod etter kvart kampen for distriktshøgskular, i tillegg til den mangeårige bokstavstriden om i-mål eller a-mål som norm.

Ung på 1960-talet

Å vere ung på 1960-talet var prega av at 9-årig obligatorisk grunnskule vart innført, at norske heimar fekk TV for fyrste gong og alternative rørsler som hippie-rørsla kom til Noreg. Dei unge får no i større grad enn tidlegare eigne motar, uttrykk og organisasjonar.

Utover på 1960-talet vart det meir vanleg med fellesklassar, altså at gutar og jenter gjekk saman i same klasse. 20 år tidlegare var til dømes berre 20 prosent av klassane på landsbasis fellesklassar. Utviklinga gjekk òg i retning av meir skulegang for fleire. 9-årig obligatorisk grunnskule vart innført i 1969. Før det hadde obligatorisk skule vore 7-årig, med påfølgjande framhaldsskule eller 3-årig realskule for dei som ikkje gjekk ut i arbeid eller i lære.

20. august 1960 vart fjernsynet etablert i Noreg. Alt i 1962 nådde tv-signala ut til over to millionar nordmenn. Programtilbodet krinsa kring sport, nyhende og fjernsynsteater, med kunnskapstevlinga Kvitt eller dobbelt som ein familiefavoritt. Barneprogrammet Lekestue for de minste vart først sendt i 1967. Den laurdagsfaste Tippekampen gjekk på skjermen i 1969 og var med på å styrkje banda mellom fotballinteresserte unge og vaksne.

Sjølv om tv-bileta som strøymde utover landet, var i svart-kvitt, vart 1960-talet etter kvart ei blomstrande og fargesterk tid for ungdommen. Mot slutten av 1950-talet var det komne eigne butikkar for ungdomsklede, og hippie-rørsla som kom til Noreg midt på 1960-talet, stod som ein smeltedigel av motar, politisk medvit og sanselege opplevingar. Natur og ungdom vart stifta i 1967, i ei tid der det å leve på landet eller i byane vart eigne teikn på identitet.

Arbeid for nynorskbrukande studentar

Studentane og studentmållaga har vore særleg viktige i arbeidet for retten til å bruke nynorsk ved universiteta og høgskulane. Studentmållaga hadde allereie vore aktive i mange tiår då Norsk Målungdom vart starta opp i 1961. Kampen tok til allereie på 1800-talet og held fram også i dag, mellom anna gjennom Norsk Målungdom sin digitale klageportal for klage på manglande nynorskoppgåver på eksamen.

Studentar har alltid vore viktige forkjemparar for nynorsk, og det første studentmållaget, Målvinarlaget på Stord (skipa i 1877), var ein av dei eldste studentorganisasjonane i landet. Studentmållaga skapte miljø for nynorsk på universiteta og høgskulane og har arbeidd for retten til å bruke nynorsk i høgare utdanning.

Studentmållaga, som dei vi finn i Bergen (1946), Trondheim (1916) og Oslo (1900), har vore arenaer for språkpolitiske diskusjonar som har resultert i tiltak som har betra vilkåra for nynorsken. Studentmållaget i Oslo har til dømes arbeidd for alt frå distriktshøgskular og pensumlitteratur på nynorsk til å få ferdig nynorskomsetjinga av Bibelen. Laget stod sentralt både då Noregs Mållag vart skipa i 1906, og då Norsk Målungdom kom til i 1961. Dessutan har mange sentrale nynorskforkjemparar fått kveikt engasjementet sitt i studentmållaga.

Etter at Ivar Aasen utforma det nynorske skriftspråket på midten av 1800-talet, vart det tidleg eit mål å skape rom for nynorsk i heile skuleverket. Det tok tid før det vart mogleg å bruke nynorsk i høgare utdanning: I 1883 fekk teologistudenten Ivar Mortensson Egnund nei til å bruke nynorsk ved teologisk embetseksamen, men brukte det likevel på ein munnleg eksamen. I 1901 var journalisten Albert Joleik den første som skreiv eksamen på nynorsk ved Universitetet i Oslo, og sidan dette ikkje var lov, var det like før han fekk strykkarakter. Først 5. mai 1908 vedtok regjeringa at studentar kunne velje sjølv om dei ville skrive nynorsk eller bokmål i oppgåvesvara sine ved universiteta.

Kravet om eksamensoppgåver på både nynorsk og bokmål vart fremja første gong av Studentmållaget i Oslo allereie i 1921. Det gjekk likevel heile 66 år før denne retten i 1987 vart forskriftsfesta. Sidan den gong har det vore ei viktig oppgåve for studentmållaga og Norsk Målungdom å passe på at nynorskstudentane fekk eksamen på nynorsk. På 2010-talet laga dei ein digital klageportal på nettsida si der studentar kunne be Norsk Målungdom klage på deira vegner om nynorskoppgåva mangla. I 2018 vart det sett rekord då Norsk Målungdom sende 69 slike klagar til 14 universitet og høgskular.

Den språklege kvaliteten på eksamensoppgåvene har òg vore ei viktig sak. I 2016 vekte ein særleg dårleg omsett eksamen på nynorsk nasjonal oppsikt. Då fekk byggingeniørstudenten Ingeborg Steine Jensen ei eksamensoppgåve ved NTNU på Gjøvik som inneheldt «nynorske» ord som «kvisleis» og setningar som «Fyr ein omfram fresemaskin verdsetjas denne mot kjøp av ny». Norsk Målungdom la då vekt på at universiteta og høgskulane måtte lage seg system som sikra både at oppgåvene kom på nynorsk, og at den språklege kvaliteten var god nok etter eventuell omsetjing.

Retten til eksamensoppgåver på nynorsk gjeld berre for studentar på offentlege utdanningsinstitusjonar. Det har vore eit mål å utvide retten til òg å gjelde på private utdanningsinstitusjonar som får offentlege midlar. Norsk Målungdom fekk ein førebels siger då det offentlege utvalet som greidde ut ny universitets- og høgskulelov i 2020, foreslo å utvide retten skulle til å gjelde for alle studentar.

Studentmållaga har òg arbeidd for å sikre pensum på nynorsk, mellom anna via Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo. Dei har sidan 1902 gitt økonomisk støtte til pensumlitteratur på nynorsk. Studentmållaga har elles gitt ut ordlister for ulike fagfelt på nynorsk, slik som Medieordlista (2002), Realfagsordlista (2005) og Økonomisk ordliste (2007). Dei siste tiåra har det i møte med engelsk òg vore ein kamp for å sikre norsk fagspråk generelt, og ikkje berre nynorsk.

Flygeblad frå Studentmållaget i Oslo, truleg frå seint 1950-tal eller tidleg 1960-tal. Flygebladet argumenterer for at alle kan vere medlem i Studentmållaget, og fortel om kva dei driv med.

Flygeblad med tittelen Rare ord, truleg laga av Noregs Mållag seint på 1950-tal eller tidleg 1960-tal. Målet med flygebladet var å gå i rette med myten om at det er så mange rare ord på nynorsk, og vise at alle språk har mange ord som må brukast.

Eksempel på brevark for Noregs Student- og Elevmållag. Organisasjonen hadde dette namnet frå skipinga i 1961 til 1972, og blei skipa for å betre samarbeidet mellom dei mange elev- og studentmållaga som hadde dukka opp i 1950-åra.

Handlaga plakat laga av studentane som arbeidde med avisa Apropos. Dette var avisa til Studentmållaget i Oslo, og ho fungerte seinare som avis for landsorganisasjonen.

Avisa Vestlandsfa’n. Organ for Studentmållaget i Bergen (nr. 4, 1969). Avisene til studentmållaga blei sende ut til gymnas og bibliotek over heile landet, og for mange elevar var dei det første møtet med Målungdommen.

Avisa Apropos. Organ for Studentmållaget i Oslo (nr. 1, 1961). Apropos blei grunnlagd i 1959 og skifta namn til Fram i 1973. Avisa slutta å kome ut i 1989.

Avisa Stabekk Tidend. Meldingsblad for Elevmållaget ved Stabekk høgre skole (nr. 1, 1964). Det vekte merksemd då det kom til eit elevmållag på Stabekk i Bærum tidleg på 1960-talet. Lokallaget hadde fleire debattmøte, vedtok fråsegner om språkpolitiske saker og gav ut eitt nummer av denne avisa.

Innmeldingsblokk for Noregs Student- og Elevmållag. Denne var i bruk fram til organisasjonen skifta namn i 1972. Heilt fram til 2010-talet hadde Norsk Målungdom innmeldingsblokker på papir.

Framsida av boka Student- og elevmållag i Trondheim gjennom 50 år (Student- og Elevmållaget i Trondheim, 1966). Då landsorganisasjonen blei skipa i 1961, fanst det eit stort nettverk av elev- og studentmållag rundt i heile Noreg. Mange av lokallaga hadde allereie då ei lang historie.

Framsida av boka Lingual Minorities in Europe (Samlaget, 1969). I 1967 samla Studentmållaget i Oslo 35 utsendingar med bakgrunn frå 13 minoritetsspråkgrupper for å drøfte korleis dei kunne gjere det lettare å bruke mindre utbreidde språk i Europa.

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2