Hopp til hovudinnhald

Norsk målungdom på 1970-talet

Organisasjonsbygging, ideologi, framtidstru og aksjonslyst prega Norsk Målungdom gjennom 1970-åra. Organisasjonen skifta namn frå Noregs Student- og Elevmållag til Norsk Målungdom for å også kunne nå andre ungdommar enn elevar og studentar.

Viktige saker for Målungdommen på 1970-talet var læremiddelsaka, tilhøva for dialektene og distriktspolitikk, noko dei starta fleire aksjonar rundt. Gjennom 1970-talet var det stor usemje om Norsk Målungdom skulle arbeide for ei såkalla eittspråkslinje, altså at nynorsk skulle bli det einaste norske skriftspråket, eller ei tospråkslinje, der nynorsk skulle vere eitt av to norske språk.

  • 1/1

Meir om Norsk målungdom på 1970-talet

Organisasjonsbygging, ideologi, framtidstru og aksjonslyst prega Norsk Målungdom gjennom 1970-åra. Organisasjonen gjekk inn i tiåret med eitt namn og ut av det med eit anna. Med song og slagord bygde laget seg opp som ein vital og høglydt ungdomsorganisasjon.

I 1970 søkte den norske regjeringa om medlemskap i EF, og to år etter var det folkerøysting. Målungdommen engasjerte seg mot norsk medlemskap fordi dei meinte det ville gå ut over primærnæringane og bygdene. Mellom anna ville det rasere grunnlaget for nynorsken. Motstanden var òg ideologisk og prinsipiell, og dei frykta for det nasjonale sjølvstendet. Fleire såg saka som ein parallell til unionsstriden rundt hundreårsskiftet, som endte med unionsoppløysinga frå Sverige i 1905. Tiåret førte òg med seg ei interesse for det historiske opphavet til målrørsla. Mange ungdommar såg attende til Ivar Aasen, Arne Garborg, Aasmund Olavsson Vinje, Olaus Fjørtoft og andre sentrale personar og hendingar i målhistoria.

I 1972 skifta organisasjonen namn frå Noregs Student- og Elevmållag til Norsk Målungdom. Ein viktig grunn for namneskiftet var ønsket om òg å nå andre grupper enn elevar og studentar.

Tre år etter fekk Målungdommen formelt status som ungdomsorganisasjon for Noregs Mållag. Frå å ha vore ein ung organisasjon i tiåret før styrkte Målungdommen seg gjennom 1970-åra. Fokuset på organisasjonsbygging gav resultat, og medlemstalet var i sterk vekst gjennom tiåret. Ei anna medverkande årsak var at nynorsken stod sterkt dette tiåret. I takt med kvinnerørsla i resten av samfunnet kom òg fleire og fleire kvinner inn i organisasjonen. I 1972 flytta sentralstyret i Målungdommen igjen til Bergen, og til Oslo igjen i 1976.

Gjennom heile 1970-talet var læremiddelsaka ei av dei viktigaste sakene for Målungdommen. Dei kjempa for at elevane skulle få rett på læremiddel på nynorsk. Sjølv om dette vart lovfesta i 1974 for vidaregåande opplæring, følgde ikkje pengane med. Læremiddelsaka og aksjonar stod derfor på dagsordenen gjennom resten av tiåret.

Det distriktspolitiske engasjementet stod sterkt i Målungdommen gjennom heile tiåret. Ingen bygder, ingen nynorsk. Dialektrørsla fekk fotfeste, og i 1975 stod organisasjonen i bresjen for den første dialektaksjonen. Slagordet var «Fram for dialektane», seinare «Tal dialekt – skriv nynorsk» saman med mororganisasjonen Noregs Mållag. Til ut på 1980-talet vart det halde årlege landsomfattande aksjonar for meir bruk av dialekt. Dialektrørsla lukkast med å få folk til å bruke og vere stolte av dialekten sin.

Gjennom 1970-talet var organisasjonen likevel prega av fraksjonar og indre målstrid, særleg frå midten av tiåret. Det politiske klimaet i samfunnet kom inn i organisasjonen, med partipolitikk og ideologi i sentrum. Av enkeltsaker skapte spørsmålet om språkstrategi mest intern debatt. Skulle laget jobbe for at Noreg skulle ha eitt eller to norske språk, og korleis skulle skriftspråket utviklast vidare? Etter harde diskusjonar vart det i 1976 vedteke at organisasjonen gjekk inn for eittspråkslinja – å jobbe for at nynorsk skulle verte det einaste norske skriftspråket.

Kampen for læremiddel på nynorsk

Kampen for læremiddel på nynorsk har frå starten vore ei hovudsak for Norsk Målungdom. Dette vart ein lovfesta rett i grunnskulen i 1969, men ikkje i vidaregåande opplæring. Etter fleire aksjonar, mellom anna med elevstreikar over heile landet, vart det i 1974 lovfesta at alle lærebøker og læremiddel i andre fag enn norsk skulle kome på både nynorsk og bokmål, til same tid og til same pris. Men frå denne lova kom til på 1970-talet har mange nynorskelevar likevel fått bokmålslærebøker og andre læremiddel på bokmål, anten fordi dei berre kjem ut på bokmål eller fordi skulane ikkje kjøper inn nynorskbøker. Kampen for læremiddel på nynorsk held fram også i dag.

Kampen for læremiddel på nynorsk har vore ei hovudsak for Norsk Målungdom frå organisasjonen vart stifta, til i dag.

Med grunnskulelova frå 1969 vart det lovfesta at lærebøker i andre fag enn norsk skal liggje føre på både nynorsk og bokmål til same tid og til same pris. Men dette gjaldt berre for grunnskulen, og målungdommar og andre jobba for at jamstillinga av læremiddel på nynorsk og bokmål òg måtte gjelde vidaregåande opplæring.

I 1971 gjekk Norsk Målungdom saman med Noregs Mållag og Norges Gymnasiastsamband om ein storaksjon. Det året streika over 30 000 elevar ved over 110 vidaregåande skular for å få lærebøker på både nynorsk og bokmål til same tid og til same pris. Skular frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør var med på aksjonane, og også skular i Oslo og Bergen. Dette var den første av mange slike aksjonar. Tre år seinare, i 1974, vart det vedteke i lov om vidaregåande opplæring at alle lærebøker og læremiddel i andre fag enn norsk skal liggje føre på nynorsk og bokmål til same tid og til same pris.

Det gode samarbeidet mellom Målungdommen og elevorganisasjonane førte til at det våren 1974 vart skipa ei felles aksjonsnemnd mellom ulike organisasjonar som skulle arbeide for læremiddelsaka, Aksjonsnemnda for språkleg rettferd i skulen (AFSRIS). Fleire elev- og studentorganisasjonar vart med, med Norsk Målungdom som ei drivande kraft i aksjonsnemnda. Sjølv om retten til læremiddel på nynorsk no var lovfesta, vart det ikkje løyvd nok midlar til å gi nynorskelevane læremidla dei hadde rett på, noko som førte til at aksjonane heldt fram.

Sidan 1990-talet har læremiddelstriden stått spesielt om definisjonen av læremiddel og læringsressursar eller læringsverktøy. Skiljet mellom dei vert meir og meir viska ut. Når skulane tek i bruk læringsressursar i undervisinga som ikkje er utvikla spesifikt for skulebruk, er dei ikkje omfatta av kravet om at dei skal liggje føre på både nynorsk og bokmål. Dette kan vere mobilappar, digitale nettressursar og anna. Eit viktig krav frå både Målungdommen og resten av nynorskrørsla har derfor vore å få eit lovverk som sikrar rettane til nynorskelevane i den digitale skulekvardagen.

Då regjeringa i 1997 la fram ei ny opplæringslov, førte det på nytt til aksjonar. Sidan det i lovteksten om parallellutgåver ikkje lenger var nemnt læremiddel, berre lærebøker, frykta Målungdommen igjen ei undergraving av rettane til nynorskelevane. Dette var den største aksjonen sidan aksjonane på 1970-talet. 30 000 elevar streika for retten til nynorske læremiddel. Då Stortinget seinare det året vedtok den nye lova, var det med dei same rettane som nynorskelevane hadde før.

Rundt tusenårsskiftet handla læremiddelkampen om å få nynorsk inn i ein skulekvardag som vart meir og meir digital. Nynorsk data vart ei av dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom. I 2000 tok «Aksjon Nynorsk Data» til for å få fram nynorskversjonar av dei mest brukte dataprogramma. 21 000 elevar over heile landet streika for språkleg rettferd også i den digitale skulen. Saman med Elevorganisasjonen blåste Norsk Målungdom nytt liv i Aksjonsnemnda for språkleg rettferd i skulen, no med krav om at retten til læremiddel òg må gjelde programvare brukt i skulen.

I 2021 var det læremiddelaksjonar i Øystese og Volda. Aksjonane var ei markering av at det var 50 år sidan den første storaksjonen. Eit framlegg til ny opplæringslov kom òg i august 2021, og igjen såg Målungdommen behovet for å aksjonere for å sikre rettane til nynorskelevane i lovverket.

Ung på 1970-talet

På 1970-talet var det stadig fleire ungdommar som gjekk på vidaregåande skule og fleire unge tok vidare utdanning. Unge kvinner kunne òg i større grad enn tidlegare ta utdanning og fekk rom til å velje eit liv med eiga karriere. 1970-talet førte òg med seg eit større skilje mellom ungdom og vaksen, med eigne ungdomsprogram på TV og eigne «ungdomsopprør ».

1970-talet såg ein markant auke i elevtalet i den norske grunnskulen, då kalla folkeskulen. Vedtaket om 9-årig obligatorisk grunnskule i 1969 innebar at alle i aldersgruppa 14–16 år no fekk dagleg skulegang. I tillegg gjekk skuleveka ned frå seks til fem dagar, og det vart eit tydelegare skilje mellom kvardag og helg. Utviklinga førte òg med seg auka sentralisering. Talet på grunnskular vart halvert i løpet av 1970-talet, og skulebuss vart ein sentral del av kvardagen for mange.

Vidare skulegang vart aktuelt for stadig fleire unge, men likevel med sterke band til arbeidslivet som venta dei. Lov om vidaregåande opplæring frå 1974 hadde som målsetjing at 80 prosent av vidaregåande skule skulle vere yrkesfagleg.

I 1975 passerte folketalet i Noreg fire millionar, og ein tredjedel av desse var under 20 år. Medietilbodet retta mot born og ungdom vaks sterkt. NRK synte ungdomsprogrammet ½ 7 kvar laurdag, og kvardagen krinsa for mange kring musikk og Apache-syklar. Samstundes auka polariseringa mellom unge og vaksne. Pønkrørsla mot slutten av tiåret innebar at ungdom tok til gatene med krav om respekt for eigen identitet.

Unge kvinner i utdanning fekk ei ny framtid. Før 1970-talet var det mindre vanleg at gifte kvinner var yrkesaktive. No kom ein eksplosiv auke på dette området, parallelt med at offentleg sektor såg ein stor auke i sysselsetjinga. Born sine rettar stod òg i stadig større grad på dagsordenen, og mot slutten av 1970-talet fekk borna endeleg rett til å ha med foreldre ved behandling på sjukehus.

Klistremerke med slagordet «Tal dialekt, skriv nynorsk», truleg laga av Norsk Målungdom på 1970-talet.

To utklipp frå Vestlandsfa’n (nr. 5, 1975), med påskrifta «Slå eit slag for MÅLSAKA» og «Kamp for nynorske læremiddel».

Klistremerke laga av Noregs Mållag i 1978 med påskrifta «Nynorsk byggjer på dialektane. Snakk dialekt. Skriv nynorsk.».

Innmeldingsblokk Norsk Målungdom frå arkivet til Studentmållaget i Volda. I denne tida var det lokallaga som passa på at medlemmene betalte medlemspengar, og alt av arbeid med økonomi gjekk for seg på papir.

Plakat med påskrifta «Studentmållaget i Oslo 75 år» frå jubileumsfeiringa til lokallaget i 1975. På plakaten er det bilete av ein del av eit norsk flagg, ein hane og eit handskrive utdrag frå fortalen til Norsk Grammatik (1864) av Ivar Aasen.

Organisasjonshefte for Norsk Målungdom (1976). Eit hefte med lovene og tufta (det politiske grunnlagsdokumentet) for organisasjonen som forklarte korleis og på kva grunnlag Norsk Målungdom arbeidde. Dette tiåret var det harde ordskifte mellom dei som ville argumentere for nynorsk ut frå sosiale grunnar, og dei som ville arbeide ut frå nasjonale argument.

Medlemsbladet Målfront. Organ for Norsk Målungdom (nr. 1, 1972). Målfront var det første eigne medlemsbladet til Norsk Målungdom, og hadde det namnet i perioden 1972–1979. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket.

Medlemsbladet Målfront. Organ for Norsk Målungdom (nr. 7, 1976). I denne utgåva var det læremiddelaksjonane i 1976 som var hovudsaka. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket.

Korleis bør norskopplæringa vera? (Noregs Mållag og Norsk Målungdom, 1979). På 1970-talet drøfta målrørsla om og korleis dialektar burde brukast i skulen. Dette var òg det første tiåret med obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring for alle elevar etter at ungdomsskulen blei innført i 1969. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket.

Studiebok om Noreg og fellesmarknaden. (Norsk Målungdom, 1972). Same år som denne boka kom ut, var den første rådgjevande folkerøystinga om Noreg skulle bli med i EU eller ikkje. Norsk Målungdom og studentmållaga arbeidde mot norsk medlemsskap. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket.

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2