- 1/1
Meir om Norsk målungdom på 1980-talet
Etter fleire år med hovudsete i Bergen vart sentralstyret i Målungdommen flytta tilbake til Oslo i 1976. Med seg på flyttelasset hadde det eit formål om at nynorsk skulle vere det einaste riksmålet. Dette vert gjerne kalla den nasjonale linja.
I Oslo møtte styret eit Studentmållag som arbeidde for «folkemålslinja», altså tanken om at nynorsk og bokmål kunne leve saman som skriftspråk. Målungdommen heldt likevel på den nasjonale linja, eller «eittspråkslinja», sjølv om ei av dei sentrale formuleringane i prinsippvedtaket kunne tolkast i minst to retningar: «Norsk Målungdom (NMU) arbeider for full språkleg frigjering for heile det norske folket, i tale som i skrift». Det nye namnet som medlemsbladet fekk i 1980, og som det bar fram til 1984, var òg eit teikn på noko heilt anna enn full semje bak vedtaket: Målfront vart til Folkemål.
Ved inngangen til 1980-talet rekna dei læremiddelkampen som vunnen. Målungdommen hadde i samarbeid med fleire partar fått medhald i at læremiddel skulle kome på begge skriftspråk, og no tok dei i større grad fatt på arbeidet med retten til å nytte dialekt i ulike samanhengar. Slik det ofte er etter ein strid som er vunnen, vart organisasjonsaktiviteten likevel noko redusert.
Det var likevel god fyr i usemja om kva mål- eller språklinje dei skulle leggje seg på. Med valet av Ingebjørg Rivedal som leiar for SmiO i 1985 fekk tilhengjarane av folkemålslinja den leiaren dei ønskte i dette viktige lokallaget. Det skulle likevel ikkje gå meir enn to år før Målungdommen vedtok eit prinsipprogram som gjekk andre vegen. Ivrige representantar for elevmållag i Nord-Noreg var mellom fleire som fram mot halvårsmøtet i 1987 arbeidde fram eit fleirtal for eittspråkslinja, i opposisjon til studentmållaga i både Bergen og Oslo. Striden om ei prinsipiell linje førte etter kvart til at Målungdommen braut ut av det formelle samarbeidet med Noregs Mållag. På same tid hadde særleg Riksmålsungdommen og Unge Høgre gått i bresjen for å avvikle heile sidemålsopplæringa, og frontane her var steile.
Kamp for dialektene
Norsk Målungdom har til alle tider hatt som føremål å arbeide for både dialekt og nynorsk. Eit av høgdepunkta var dialektaksjonane mellom 1975 og 1985. På denne tida fekk Målungdommen slagordet «Tal dialekt – skriv nynorsk!». Etter den siste dialektaksjonen i 1985 har Norsk Målungdom halde fram med å skape merksemd om og feire dialektmangfaldet i Noreg. Eit døme er den årlege Dialektprisen, som Norsk Målungdom sidan 2001 har delt ut til eit godt dialektføredøme for ungdom.
Norsk Målungdom har til alle tider hatt som føremål å arbeide for både dialekt og nynorsk, men kor viktig dialektarbeidet har vore, har variert. Eit av høgdepunkta var dialektaksjonane mellom 1975 og 1985.
Målrørsla har sidan starten arbeidd for både det nynorske skriftspråket og dei norske dialektene. Ivar Aasen skreiv og gav sjølv ut bøker på både dialekt og landsmål, og nynorsk er bygd på arbeidet Aasen gjorde med å samle og forske på dei norske dialektene. Då Det Norske Samlaget vart skipa i 1868, var det for å kunne gi ut bøker på landsmål eller bygdemål. Stortinget vedtok i 1878 at «Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talesprog.» Dette var eit viktig vedtak for i det minste på papiret å få slått fast at lærarane ikkje aktivt skulle lære elevane av med å snakke dialekt.
På 1950-talet var det uro over dialektbruken til dei som flytta frå bygdene til dei store byane. Presset var stort for å endre dialekta si til å vere likare bydialektene, særleg sidan offentleg bruk av dialekt frå Bygde-Noreg vart sett ned på. På same tid hende det at mellom andre studentar frå Nord-Noreg ikkje fekk leige somme hyblar i Oslo, og i avisene var det ikkje uvanleg at det stod «Nordlendinger ønskes ikke» i utleigeannonsane. For å unngå at desse studentane bytte til eit bokmålsnært talemål, arrangerte Studentmållaget i Oslo vinteren 1959–1960 kurs i å snakke normert nynorsk. Dette bidrog til at fleire av dei 75 kursdeltakarane enda opp med å snakke eit dialektfarga normert nynorsk.
På 1960-talet var det fleire som meinte at elevane i skulen burde lære å snakke eit normaltalemål. Storparten av målrørsla var mot framlegga, sidan dei meinte det ville vere ei nedvurdering av dialektene. I tillegg ville dette føre til at fleirtalet, som gjekk på bokmålsskular, ville lære å snakke normert bokmål sjølv om dei hadde ei nynorsknær dialekt. Desse framlegga bidrog til meir merksemd kring dialektbruk. Ei av sakene var om dei tilsette på butikkar i Oslo kunne bruke dialekt på jobb. I 1966 undersøkte Studentmållaget i Oslo saman med det finare varemagasinet Steen & Strøm korleis dei handlande reagerte om dei tilsette brukte dialekt. Resultatet var at kundane hadde godteke dialektbruken og at det var få språkvanskar.
I studentmållaga og Målungdommen ønskte mange å arbeide med dialektsaka også på 1970-talet. Resultatet vart dialektaksjonane frå 1975 til 1985, med demonstrasjonar og eit valt hovudemne kvart år. Første året var Norsk Målungdom åleine, men seinare kom Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og andre med. Det var mykje strid om kva slagord dei skulle setje på plakatar og banner. Eit sentralt spørsmål var om aksjonane skulle handle berre om dialekt, eller om dei skulle leggje vekt på samanhengen mellom nynorsk og dialekt. Eit fleirtal meinte det siste, noko som gjorde at mange organisasjonar utanfor målrørsla ikkje ville vere med på dialektaksjonane. Mindretalet, som ville ha reine dialektmarkeringar, sette saka på spissen då dei på humoristisk vis demonstrerte med parolen «Snakk!». På denne tida fekk Norsk Målungdom slagordet «Tal dialekt – skriv nynorsk!» mellom anna med bakgrunn i dialektaksjonane.
Etter den siste dialektaksjonen i 1985 har Norsk Målungdom halde fram med å skape merksemd om og feire dialektmangfaldet. Eit døme er den årlege Dialektprisen, som Norsk Målungdom sidan 2001 har delt ut til eit godt dialektføredøme for ungdom. Prisen har mellom anna har gått til kjendisar som Therese Johaug, Lothepus (Leif Einar Lothe) og Victor Sotberg. Statusen til Dialektprisen bidrog òg til at Norsk Målungdom i åra etter kunne markere seg i samband med fleire andre dialektsaker, til dømes at den lokale dialekten skal brukast i ferdiginnlesne meldingar i kollektivtransport som bussar, tog og båtar.
Ung på 1980-talet
I 1980-åra vart fleire tv-kanalar, vekeblad og motar retta direkte mot ungdom og deira identitet i større grad enn tidlegare. Fleire ungdomsmiljø og -organisasjonar dukka òg opp, med ei tydeleg stemme i til dømes miljøsaka eller andre politiske saker.
I 1981 fekk Noreg sin første kvinnelege statsminister. Gro Harlem Brundtland frå Arbeidarpartiet var utdanna lege og hadde vore miljøvernminister på 1970-talet. No vart ho også eit symbol på dei to førre tiåra sin kamp for likestilling mellom kjønn og like rettar i utdanning og arbeid. Den første regjeringstida hennar var likevel kortvarig. Høgre og statsminister Kåre Willoch tok regjeringsmakta same året, før Brundtland tok fatt på sin andre regjeringsperiode i 1986.
Kvardagen i skule og utdanning var no prega av stabilisering etter to tiår med store endringar. Mønsterplanen av 1987 var ein verdiplan, med fokus på å sikre eit verdigrunnlag for både enkeltindivid og samfunnsgrupper.
Samstundes stod 1980-talet etter kvart fram som eit svært kommersialisert tiår. Gjennom reklame, musikk, filmar og motar kom eit pulserande, hektisk og særleg engelskspråkleg ungdomsliv inn på soveromma til norsk ungdom. I byane hadde ein tilgang til eigne tv-kanalar for ungdom, MTV, Sky og Super Channel, og medietilbodet vaks vidare med oppstarten av kanalar som TVNorge og TV3. Vekeblad som Topp og Det nye skreiv fram tida mellom barn og vaksen som ein heilt eigen identitet. Som kontrast til verdiforankring og kommersialisering heldt opprørskulturen stand både i by og land. Blitz-miljøet i Oslo vart eit sentrum for opposisjon og alternative tankesett, men i kvar ei grend og bygd fanst det ungdom kledd i islendar, militærstøvlar og palestinaskjerf.
I spennet mellom medium, ungdommeleg engasjement og opprør slo miljøsaka til for fullt. I 1986, same året som ein kjernekraftreaktor eksploderte i Tsjernobyl i Ukraina, vart miljøorganisasjonen Bellona etablert. Slike hendingar og generell frykt for at eit stadig større forbruk skulle øydeleggje planeten vår, prega både born og unge.