Hopp til hovudinnhald

Norsk målungdom på 1990-talet

Då EU-striden byrja å blusse opp att tidleg på 1990-talet, vart det drøfta kva konsekvensar ein eventuell EU-medlemskap ville ha for nynorsk og bygdene. Norsk Målungdom stod støtt på nei-sida gjennom heile 1990-talet og var mellom anna ein sentral aktør i samband med etableringa av Ungdom mot EU. Dei tok òg opp igjen kampen om nynorske læremiddel, sidan nynorskelevar framleis ikkje fekk læremidla sine på si eiga målform.

  • 1/1

Meir om Norsk målungdom på 1990-talet

Mykje av striden i Norsk Målungdom, heilt tilbake til 1960-talet, hadde politisk forteikn. Dei politiske skiljelinjene vart endå meir markerte utover på både 1970- og 1980-talet. Og då EU-striden byrja å blusse opp tidleg på 1990-talet, vart det i alle fall tydeleg at språkkamp òg er politikk.

Norsk Målungdom stod støtt på nei-sida gjennom heile prosessen og var mellom anna ein sentral aktør i samband med etableringa av Ungdom mot EU. I Program for ei nasjonal framtid frå 1990 vart det skrive inn at den norske målstriden ikkje var noko isolert fenomen, men stod i samanheng med den kampen for språkleg og nasjonal frigjering dei såg i andre land.

Etter kvart hadde det òg blitt meir tydeleg at kampen om læremidla ikkje var vunnen éin gong for alle. Etter fleire år med språklege parallellutgåver av lærebøker hadde motstanden vakse seg stor frå fleire hald. Gro Morken Endresen vart vald til leiar for Norsk Målungdom i 1992, og stod saman med styret framfor store og sentrale utfordringar. I 1993 kom det på plass ein ny samarbeidsavtale mellom Norsk Målungdom og Noregs Mållag. 28. november 1994 landa folkeavstemminga på eit nei til norsk EU-medlemsskap. Medlemsbladet EG skifta namn til Motmæle.

Arbeidet mot norsk EU-medlemskap hadde verka samlande på Målungdommen. 1996 vart Ivar Aasen-året, ei storstilt markering av 100-årsminnet for Ivar Aasens død, initiert av mellom andre Det Norske Samlaget, Noregs Mållag og Landssamanslutninga for nynorskkommunar. Saman med Ivar Aasen-sambandet arrangerte Norsk Målungdom Ivar Aasen-konferansen med over 200 deltakarar frå heile landet. Dette var ei av dei største tilskipingane det året.

1997 vart eit nytt aksjonsår med nye streikar for retten til nynorske læremiddel. Her samarbeidde Målungdommen med Norges Gymnasiastsamband og Norsk Elevorganisasjon, som saman skulle verte til Elevorganisasjonen i 1999. Slutten på tiåret såg eit målungdomslag som friskt køyrde fram stadig nye og hardtslåande kampanjar. Med Magnus Bernhardsen som leiar var bodskapen i 1999 klar: «Stogg urbanismen!»

Kamp mot norsk medlemskap i EU

Målrørsla har stort sett vore mot at Noreg skal vere med i Den europeiske unionen (EU), og var på nei-sida ved folkerøystingane i 1972 og 1994. Norsk Målungdom meinte at om Noreg vart medlem i EU ville det truge norsk språk og kultur og bidra til dårlegare tilhøve for distrikta. I 2013 valde Målungdommen å ikkje lenger meine noko om saka.

Kva og kor mykje Norsk Målungdom skal meine om store politiske spørsmål som ikkje handlar direkte om nynorsk, har variert opp igjennom tidene. Målrørsla har stort sett vore mot at Noreg skal vere med i Den europeiske unionen (EU), og var på nei-sida ved folkerøystingane i 1972 og 1994. Likevel valde Målungdommen i 2013 å ikkje lenger meine noko om saka.

Det som i dag vert kalla EU, gjekk tidlegare under namn som EF, EEC og Fellesmarknaden. Noreg søkte saman med andre land om medlemskap både i 1962 og 1967. Frankrike la ned veto mot at Storbritannia skulle bli medlem, og derfor vart heller ikkje Noreg med. Saka vart likevel drøfta i målrørsla, mellom anna i Studentmållaget i Oslo.

I 1972 kom saka heilt fram til ei rådgivande folkerøysting. Den norske regjeringa starta prosessen i 1970. Same året vedtok studentmållaga i Oslo og Bergen at dei var mot medlemskap. Det gjorde også Norsk Målungdom og Noregs Mållag i 1971. Dette førte til strid i Noregs Mållag, ettersom dei viktige nynorskavisene Norsk Tidend og Gula Tidend var for medlemskap. Norsk Målungdom meinte at EF truga norsk språk og kultur og kunne bidra til å svekkje grunnlaget for næringslivet i bygdene, og ville halde på sjølvråderetten.

Studentmållaga vart med i Folkerørsla mot norsk medlemskap i Fellesmarknaden (Folkerørsla), som vart ei brei grasrotrørsle med over 130 000 medlemmer. Norsk Målungdom gav ut Studiebok om Noreg og Fellesmarknaden (1972), og studentmållaga skulerte medlemmene sine. Dei bidrog seinare i aksjonar både i byane der dei studerte, og i lokalsamfunna dei kom frå. Nei-sigeren i 1972 gav målungdommane sjølvtillit og tru på at det gjekk an å stå imot ei samfunnsutvikling dei meinte ikkje var fordelaktig for nynorsken.

Fram gjennom 1980-talet vakna EU-saka til live att, og i overgangen til 1990-talet sette også Målungdommen saka på dagsordenen. Målungdommen vedtok eit program der dei sette EU-saka i samanheng med striden for nynorsk og nasjonal sjølvråderett. Noregs Mållag var med på å skipe Nei til EU i 1990, Norsk Målungdom var med på å skipe Ungdom mot EU i 1991, og fleire av studentmållaga bidrog aktivt til dei lokale Studentar mot EU-laga på universitet og høgskular.

Som på 1970-talet var målungdommar viktige fotsoldatar i nei-arbeidet fram mot røystinga: Dei var med på dør-til-dør-aksjonar, stod på stand for å møte veljarane og bidrog i 1. mai-tog med slagord som «Eitt Noreg nynorsk og fritt – Nei til EF og EØS». Miljøet kring Studentmållaget i Oslo laga bladet Fram i 1994, som vart eit viktig Nei til EU-blad. Bladet var laga av både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar, men alle tekstane vart omsette til nynorsk. Norsk Målungdom hadde tre konferansar med EU-tema og eit eige EU-nummer av medlemsbladet EG.

Målungdommen vart ikkje alltid inkludert i opprop og tiltak som Ungdom mot EU gjorde opptak til. Mange på nei-sida var opptekne av å bruke internasjonale argument mot EU, som miljøvern og solidaritet med den tredje verda. Dei likte dårleg at Norsk Målungdom brukte nasjonale argument som sjølvråderett og sjølvstyre. Ei anna usemje var om motstanden var mot berre EU eller både EU og EØS.

Også i 1994 vart det nei-siger. Norsk Målungdom var tydeleg på nei-sida i både EU- og EØS-debattar i åra etter, og identifiserte seg med internasjonale rørsler som kjempa mot globalisering. Målungdommen var mot handelsavtalar, Verdsbanken og fleire EU-direktiv. Samstundes auka motstanden mot EU til nær 70 prosent nei-fleirtal utover på 2000-talet, og den tydelege EU-motstanden gjorde EU-saka mindre aktuell.

Då Norsk Målungdom på landsmøtet i 2010 vedtok ny tuft (politisk grunnlagsdokument), var argumenta om nasjonal sjølvråderett, som tidlegare hadde vore så viktige for argumentasjonen mot EU, tekne ut. På landsmøtet i Fredrikstad i 2013 tok organisasjonen EU-debatten, og eit stort fleirtal gjekk inn for at organisasjonen ikkje lenger skulle meine noko om norsk EU-medlemskap. Resten av tiåret meinte organisasjonen lite om slike internasjonale spørsmål.

Ung på 1990-talet

1990-talet var prega av ei sterk internasjonalisering og globalisering. Fleire unge nytta seg av stadig meir opne grenser mellom norsk og internasjonal underhaldning og utdanning. Internett tok gradvis steget inn i folk flest sine kvardagar, og Noreg fekk sin første riksdekkjande tv-kanal med reklame.

Utover i 1990-åra steig talet på elevar og studentar i vidaregåande og høgare utdanning til godt over 400 000. Talet på studentar som tok førebuande fag ved universitet, vart dobla til over 10 000 i same perioden. Samordna opptak vart ei permanent ordning i 1993, og Reform 94 innebar at all norsk ungdom fekk rett til minimum 3-årig vidaregåande opplæring ut over obligatorisk grunnskule. I 1997 vart det i tillegg innført 10-årig skulegang. I det heile inneheldt 1990-talet ei sterk formalisering av trekk ved skulevesen og høgare utdanning vi reknar som sjølvsagde i dag.

1990-talet såg òg stadig meir opne grenser mellom norsk og internasjonal utdanning. I 1994 var nærmare 9000 norske studentar registrerte ved utanlandske lærestader. På same tid var over 11 000 studentar ved norske universitet og høgskular fødde i andre land enn Noreg. Denne utviklinga kom saman med ein auke i talet på grunnskuleelevar med framandspråkleg bakgrunn, særleg i byane. I Oslo-skulane var dette elevtalet opp mot 25 prosent, mot om lag 5 prosent på landsbasis.

Elev- og studenttilværet innebar eit rikt tilbod av kultur- og organisasjonsaktivitet. Ungdom var med i filmklubbar og student- og lokalradio, etablerte eigne kunst- og teaterscener og var aktive i politiske og idealistiske organisasjonar. I 1991 fekk Noreg sin første riksdekkjande kommersielle tv-kanal ved etableringa av TV 2. Frå midt på 1990-talet vart internett tilgjengeleg for folk flest. Universitet og høgskular følgde opp med å tilby stadig meir spesialisert og teknologiretta utdanning innanfor medieverksemd, med Den norske filmskolen på Lillehammer som eit godt døme. For mange gjekk kunst, kultur og massemedium frå å vere identitetskamp og opprør til å verte ein reell leveveg.

Klistremerke med slagordet «Stogg urbanismen». I 1999 gjennomførte Norsk Målungdom kampanjen Stogg urbanismen. Bakgrunnen var at dei opplevde at mange i samtida rekna kulturen i byane som det gjævaste og såg ned på bygdene.

Klistremerke med påskrifta «Nei til EU». Frå kring 1993, laga av Nei til EU eller Ungdom mot EU. Norsk Målungdom og lokallaga arbeidde mot norsk medlemskap i EU.

Klistremerke med påskrifta «Knus bokmålsveldet. Kjøp nyNORSKE lærebøker.» Truleg frå tidleg 1990-tal. Dei som ville arbeide for nynorsk fordi det var norskare enn bokmål, vann fram i Målungdommen frå midten av 1980-talet, og målet om å knuse bokmålsveldet – altså å få slutt på at bokmål dominerte i samfunnet – blei viktig. Ein konkret måte elevar kunne bidra på, var å kjøpe nynorske lærebøker.

Klistremerke med påskrifta «Nynorsk for alle!». Truleg frå seint 1990-tal.

Klistremerke med påskrifta «Bokmålet drep dialektane. Kjøp nynorske lærebøker.» Truleg frå tidleg 1990-tal.

Bilete frå demonstrasjonen Aksjon for språkleg rettferd i skulen arrangerte i Bergen 13. mai 1997. Den dagen aksjonerte kring 35 000 elevar mot at Arbeidarparti-regjeringa foreslo å fjerne retten til læremiddel i opplæringslova, og at det ikkje lenger skulle stå i lova at nynorske lærebøker skulle kome til same tid som bokmålsbøkene. Biletet er frå biletarkivet i Norsk Målungdom.

Eine sida av eit flygeblad med påskrifta «Knus bokmålsveldet! Kjøp (ny)norske lærebøker!» Flygebladet fortel kva Norsk Målungdom meiner, og korleis lesaren kan melde seg inn.

Plakaten «Gratis læremiddel på nett» frå 1997. Dette året braut gruppa Nynorsk elevgerilja i Norsk Målungdom åndsverklova ved å omsetje læreboka Programvarebok Word 6.0 og Excel 5.0 Informasjonsbehandling grunnkurs (Utdanningsforlaget, 1997) til nynorsk og leggje henne ut gratis på internett i protest mot at boka berre fanst på bokmål. Målungdommen blei saksøkt og seinare dømd i Oslo namsrett til å fjerne boka og betale 25 000 kroner dagen til boka var fjerna, og måtte betale Utdanningsforlaget sine sakskostnader på 13 762 kroner.

Medlemsbladet Motmæle. Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 5, 1998). Medlemsbladet skifta namn frå Eg til Motmæle i 1997. Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket.

Medlemsbladet Motmæle. Medlemsbladet til Norsk Målungdom (nr. 2, 1999). Digital utgåve ved Nasjonalbiblioteket.

Plakaten «Norsk målreising mot EF» frå 1990. Laga etter ei innleiing om EF, som EU heitte då, på eit seminar på Stord hausten 1989. Plakaten har ein tekst om kvifor Norsk Målungdom då var imot EU, illustrert med politiske teikningar.

Museum24:Portal - 2025.04.08 / v2.0.7.3
Grunnstilsett-versjon: 2