- 1/1
Meir om Norsk målungdom på 2000-talet
Åra frå 2000 til 2009 var særleg prega av avsløringane om medlemsjuks i Norsk Målungdom. Det var òg store politiske kampar, mellom anna om digital nynorsk, framtida til sidemålsundervisinga og nynorskforbodet i dei store riksavisene.
TV 2-programmet «Rikets tilstand» avslørte i 2002 at Norsk Målungdom lenge hadde juksa med medlemstala sine og slik hadde fått for mykje pengar frå staten. Etter gransking ved Økokrim og dom i Oslo tingrett i 2003 fekk organisasjonen ei millionbot, og seks sentrale tillitsvalde fekk kortare fengselsstraffer. I 2005 inngjekk organisasjonen ein nedbetalingsavtale over ti år som gjorde at organisasjonen kunne leve vidare. Norsk Målungdom fekk no ein mykje trongare økonomi, sleit lenge med eit dårleg rykte og brukte mykje tid på å byggje opp att tilliten. Siste avdrag på gjelda frå bota vart betalt i 2015.
Målungdommen starta det nye tusenåret med ein ny storstreik for retten til utdanning på nynorsk. Saman med Elevorganisasjonen vekte dei opp att Aksjon for språkleg rettferd i skulen. No var kampsaka digitale verktøy, dataprogram og skriveprogram på nynorsk. 28. september 2000 streika 21 000 elevar over heile landet. Året etter møtte 800 elevar utdanningsminister Trond Giske i Ålesund og stilte dei same krava. Saman med resten av målrørsla fekk Norsk Målungdom under kampanjen «Aksjon nynorsk data» eit viktig gjennomslag hausten 2003, då Microsoft kom med nynorskutgåve av dei fleste kontorprogramma sine.
I 2007 kom nye læreplanar, men heller ikkje no var dei nynorske læremidla klare til skulestart. Norsk Målungdom mobiliserte fleire tusen elevar til streik og fekk etter kvart gjennomslag for auka løyvingar til nynorske læremiddel.
Oslo Unge Høgre lanserte i 2000 ein kampanje mot skrifteleg sidemål der den visuelle profilen var flygeblad og plakatar med bilete av ei ku og slagordet «La dem raute nynorsk (bare vi slipper)». Byrådet i Oslo, med politisk fleirtal frå Høgre, søkte same året om eit forsøk med valfri undervising i sidemål på åtte vidaregåande skular. Liknande søknader dukka opp i fleire fylke og kommunar. Berre Oslo fekk gjennomslag og gjennomførte forsøket. Norsk Målungdom og resten av målrørsla lukkast mellom annan med å stogge eit framlegg om å fjerne sidemålseksamen på ungdomsskulen. Eit nederlag kom då utdanningsminister Kristin Clemet i 2004 gjorde sidemålseksamen på vidaregåande om til trekkeksamen. Dermed var sidemålseksamen ikkje lenger obligatorisk for alle vidaregåandeelevar.
Målrørsla mobiliserte stort mot nynorskforbodet i aviser som VG og Dagbladet. Norsk Målungdom starta i 2003 ein kampanje for nynorsk i Dagbladet. I 2005 gjennomførte Noregs Mållag underskriftskampanjen «Slepp nynorsken til!», der mellom andre Norsk Målungdom bidrog til å samle inn 36 000 underskrifter mot nynorskforbodet i riksavisene.
Norsk Målungdom knytte kampen for nynorsk til kampanjane mot globalisering og det dei såg på som udemokratiske handelsavtalar. Motstanden mot EU og EØS var stor. Målungdommar vitja elles samarbeidsorganisasjonar i andre land, som Palestina i 2004 og Kviterussland i 2009.
Norsk Målungdom sette morsmålsopplæring, integrering og innvandring høgt på agendaen kring 2008. Dei jobba mellom anna for nynorskopplæring for vaksne innvandrarar i nynorskområda. Ei anna viktig nyvinning var Dialektprisen, som vart delt ut til hip-pop-gruppa Tungtvann i 2001 og sidan vart ein årleg pris til gode dialektføredøme for ungdom.
Kampen for digital nynorsk
Rundt tusenårsskiftet vart nynorsk data ei av dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom. Allereie på 1990-talet begynte både Norsk Målungdom, andre nynorskorganisasjonar og aktuelle styresmakter å sjå på korleis dei kunne sikre jamstilling mellom nynorsk og bokmål i den digitale kvardagen. I kampen for nynorsk data var det eit viktig mål å få programvarer i nynorsk språkdrakt.
Målungdommen og resten av nynorskrørsla såg tidleg at internett baud på både sukker og tannverk bruken av skriftspråket. Aldri før har vi hatt tilgang til meir nynorsk tekst enn etter at internett vart allemannseige, men kampen for nynorske programvarer og dataprogram har vore lang. Når vi snakkar om nynorsk digitalt innhald, kan det både vise til menyspråket i eit dataprogram og til redaksjonelt innhald som ein nettartikkel. I kampen for nynorsk data har det primært handla om å få programvarer i nynorsk språkdrakt.
Allereie på 1990-talet begynte både Norsk Målungdom, andre nynorskorganisasjonar og aktuelle styresmakter å sjå på korleis dei kunne sikre jamstilling mellom nynorsk og bokmål i den digitale kvardagen. Bruken av datamaskiner og program var i sterk vekst, etter kvart også bruken av internett. På om lag 15 år gjekk internett frå å vere brukt av nokre få til å bli allemannseige, og kvardagen vart fulldigital. Ein stor del av det vi møter av tekst kvar dag, er i dag på digitale flater.
Rundt tusenårsskiftet vart nynorsk data ei av dei viktigaste sakene for Norsk Målungdom. I 2000 tok «Aksjon Nynorsk Data» til for å få fram nynorskversjonar av dei mest brukte dataprogramma. Bak aksjonen stod fleire av dei store nynorskinstitusjonane.
Same året streika 21 000 elevar over heile landet for språkleg rettferd også i den digitale skulen. Saman med Elevorganisasjonen blåste Norsk Målungdom nytt liv i Aksjonsnemnda for språkleg rettferd i skulen, no med krav om at lik rett til læremiddel òg må gjelde programvare brukt i skulen. Året etter aksjonerte 800 elevar i Ålesund då NRK hadde direktesendt folkemøte på TV om utdanningspolitikk. Slagordet var «Nynorsk data no!».
Eit anna tiltak som sprang ut av Aksjon Nynorsk Data var eit opprop signert av over hundre ordførarar og fem hundre rektorar som kravde at administrativ programvare som skal brukast i det offentlege, skal liggje føre i nynorsk versjon.
Dei neste åra kom det fleire programvarer på nynorsk. Målungdommen støtta opp om omsetjing av gratisprogrammet Linux til bruk i skulen, som kom med første nynorskversjon i 2001. To år etter kom gratiskontorprogrammet OpenOffice på nynorsk. Dugnadsinnsatsen for å få opne programvarer på nynorsk og oppmodinga frå Målungdommen om å ta dei i bruk, var med på å tvinge fram at også Microsoft lanserte nynorskversjonar av kontorprogrammet Office (2003) og operativsystemet Windows XP (2006).
Sosiale medium er ein stor del av den digitale kvardagen. I 2017 vart Martine Rørstad Sand kåra til Årets nynorskbrukar for arbeidet med å omsetje Facebook til nynorsk. Gjennom åtte år omsette ho 27 000 ord på fritida si slik at nynorskbrukarane skulle få møte språket sitt på Facebook.
I 2010 kom mobilspelet Wordfeud, som på kort tid vart veldig populært. Mange sakna nynorsk i ordspelet, og både Norsk Målungdom, Nynorsk kultursentrum og andre nynorskorganisasjonar sette kravet om ei nynorskutgåve av spelet på dagsordenen i 2012. Allereie i september same året vart nynorskversjonen lansert.
Ei anna sak det har vore jobba lenge med, var å få Google sine produkt på nynorsk og å kunne gjere parallellsøk på nynorsk og bokmål anten du «googlar» eller nyttar andre søkjemotorar. Spesielt etter at fleire skular har teke i bruk Chromebook i undervisinga, har det blitt uttrykt ønske om å få Google-program på nynorsk. I 2021 sende 108 ordførarar, støtta av fleire nynorskorganisasjonar, eit krav til Google om nynorskversjonar av program som er mykje i bruk i skulen. I seinare år har Målungdommen òg løfta fram språkteknologi, slik at også dialekt og nynorsk kan nyttast innan talestyring, diktering og annan teknologi der tale vert nytta.
Ung på 2000-talet
På 2000-talet fekk ungdommar ein ny digital kvardag, med nye chat- og biletdelingstenester på nett. Fritidssyslar vart meir styrte av arenaer med inngangspengar, heller enn opne tilbod som fotballbaner og ungdomsklubbar . Ein såg òg ein aukande skilnad på skuleelevane sine prestasjonar.
Den eksplosive auken i vidare skulegang og høgare utdanning var ikkje berre eit gode. I samfunnet såg ein etter kvart eit skilje mellom dei med høgt utdanna foreldre og born av foreldre utan utdanning ut over grunnskulen. Av dei elevane som byrja på vidaregåande i 2004 og hadde foreldre med grunnskuleutdanning, fullførte 45 prosent. Det tilsvarande talet for dei med foreldre som hadde lang vidare utdanning, var dobbelt så høgt. Utdannings-Noreg førte med seg sosiale skilnadar, og for mange vart overgangen til eit stadig meir utdanningstufta arbeidsliv krevjande. Kunnskapsløftet frå 2006 var eit forsøk på å bøte på denne utviklinga: Med systematisk styrking av lese- og skriveopplæring frå 1. klasse og programfag i ungdomsskulen skulle evner og medvit styrkjast og sosiale skiljelinjer viskast ut.
På 2000-talet tok born og unge for alvor steget inn i ein digitalisert kvardag og møtte med det ein stadig meir engelskspråkleg røyndom. Det norske konseptet Nettby møtte chat på MSN og bilet- og videodeling på Myspace. Likevel gjorde norskspråklege databasar og leksikon, i tillegg til dei første norske nettavisene, at elevar og studentar òg møtte ein norskspråkleg datakvardag både på skulen og heime. E-post vart eit vanleg kommunikasjonsverktøy, særleg i studentkvardagen. Gjennom stadige oppdateringar og i stadig fleire kanalar kunne norsk ungdom følgje dramaet som utspelte seg i New York 11. september 2001, då tvillingtårna vart råka av eit terrorangrep.
Fritidssyslene til mange ungdommar kom samstundes inn i stadig meir kommersialiserte former, særleg i byane. Sosialt samvær, idrett og generell aktivitet fann no oftare stad på arenaer med inngangspengar, på eit treningsstudio med medlemsskap eller ved bruk av spesialisert og ofte dyrt utstyr. Lommepengar strakk ikkje alltid til. Der dei gamle fotball-løkkene hadde vore, kom det no skinande kunstgrasbanar.