- 1/1
Meir om Norsk målungdom på 2010-talet
I åra mellom 2010 og 2019 var språkleg mangfald, sidemål og nynorsk i lærarutdanningane viktige saker for Norsk Målungdom.
Norsk Målungdom starta tiåret med å arbeide vidare med ei sak frå det førre tiåret: kampen for nynorsk i dei store riksavisene. I 2010 skipa dei til kampanjen Nynorsk i nettavisene. Dei fekk laga maskinomsetjingar til nynorsk av nettavisene til VG og Dagbladet, med namna nynorskvg.no og nynorskdb.no. Den maskinomsette nynorsken var av dårleg kvalitet, men verkemiddelet fekk merksemd. Dagbladet truga med søksmål med det same, medan VG venta heilt til 2016 med å krevje nettsida fjerna. Argumentet var at Norsk Målungdom brukte innhald og logo ulovleg, noko som førte til at nettsidene forsvann.
Mot slutten av tiåret kom det nokre viktige sigrar for målrørsla: I 2017 opna VG for nynorsk, og i 2018 kom Aftenposten etter. Dette førte ikkje til dei store mengdene nynorsk i desse avisene, men forbodet var borte. Etter 2010-talet var det av dei største avisene berre Dagbladet som heldt fast på nynorskforbodet.
Utover på 2010-talet var det eit mål for Norsk Målungdom å få med medlemmer som støtta eller var aktive i alle dei norske ungdomspartia. Det har til alle tider vore medlemmer i Norsk Målungdom som har støtta ulike parti, men i mange periodar har det vore overvekt av medlemmer som har støtta partia på venstresida og sentrumspartia. Tanken no var å leggje vekt på dei språkpolitiske konsekvensane av politiske framlegg dei støtta eller var imot. Målungdommen var til dømes ikkje imot samanslåingar av kommunar og fylke i seg sjølv, men var imot samanslåingar som svekte nynorsk. Då Sogn og Fjordane og Hordaland slo seg saman, vart nynorsk vedteke som administrasjonsspråk etter sterk mobilisering frå målrørsla.
Eit anna døme var at Norsk Målungdom meinte mindre om utanrikspolitiske tema som ikkje var tydeleg språkpolitiske. Medan Målungdommen i tidlegare tiår hadde meint mykje om Kurdistan, Palestina og Nord-Irland, retta dei på slutten av 2010-talet den utanrikspolitiske merksemda mot språksituasjonen i Norden. Norsk Målungdom vedtok i 2013 at dei ikkje lenger meinte noko om norsk EU-medlemskap.
Dette tiåret vart kampen for språkleg mangfald ei viktig sak i seg sjølv og eit argument for arbeidet med nynorsk og dialekt. Målungdommen oppretta kontakt med den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, Norges Døveforbunds Ungdom og den kvenske ungdomsorganisasjonen Kvääninuoret, vedtok meir konkret politikk for andre mindre brukte språk og kjempa for å syne fram språkmangfaldet gjennom fleirspråkleg skilting.
Både i 2012–2013 og 2017–2019 vart læreplanane endra, og debatten raste om sidemålet sin plass i norskfaget. Målungdommen kjempa for likestilte kompetansemål i hovudmål og sidemål, sidemålskarakter og sidemålseksamen som før og tidlegare start med sidemål. På slutten av tiåret var resultatet eit delvis gjennomslag: Det var framleis standpunktkarakter og eksamen i sidemål, og skriftleg sidemålsopplæring skulle starte allereie før 5. trinn. Men det vart felles undervegskarakterar, og kompetansemåla vart ulike i hovudmål og sidemål.
Målungdommen arbeidde mykje med å betre opplæringa i nynorsk både som hovudmål og sidemål. Det var viktig å betre nynorskopplæringa i lærarutdanningane, sidan alle lærarar skal kunne fungere som lærarar i på både nynorskskular og bokmålsskular. Saman med Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet skipa dei i 2016 til kampanjen Framtidas superlærar kan nynorsk. Organisasjonane heldt fram samarbeidet gjennom tiåret, og gav mellom anna ut eit hefte om saka med tittelen «Den nynorske draumelæraren» (2019).
Målrørsla drøfta òg kva som kunne gjere det lettare å vere nynorskelev. Eit viktig tiltak var å gi elevane rett til å gå i eigne nynorskklassar på ungdomsskulen, slik som på barneskulen. Inspirasjonen kom frå Odda i Hardanger, som hadde hatt språkdelte klassar heilt sidan 1914 og hadde språkdelte klassar på ungdomsskulen. Då Odda kommune prøvde å fjerne ordninga i 2012 for å spare pengar, tok lokale målfolk og målrørsla opp saka nasjonalt. Norsk Målungdom støtta ideen, arbeidde for å få ungdomspartia til å gjere det same og organiserte lokale ungdommar i lokallaget Sørfjorden Målungdom.
Kampen for sidemål
Diskusjonar om sidemål har vore harde heilt sidan skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål blei innført for elevar i vidaregåande skular i 1912. Motstanden mot skriftleg sidemålsopplæring vaks særleg då nesten alle elevar skulle lære både nynorsk og bokmål då ungdomskulen blei innført i 1969. Kampen om sidemålet sin plass i norskfaget prega også 2000- og 2010-talet, og i 2019 vart det igjen slått fast at sidemålsordninga skulle verte ståande gjennom dei nye læreplanane.
Det har vore harde diskusjonar om sidemål mellom elevar, lærarar, foreldre og mange andre heilt sidan skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål vart innført for gymnaselevar i 1912. Men først på 1970-talet gjorde kravet om valfritt sidemål seg gjeldande, og Norsk Målungdom måtte gå i forsvarsposisjon for å ta vare på ordninga. Det førebels siste slaget stod i 2019, då læreplanendringa Fagfornyinga vart vedteken.
I 1892 fekk norske elevar i grunnskulen eit hovudmål og eit sidemål. Hovudmålet skulle elevane både lære å lese og skrive, men sidemålet skulle dei berre lære å lese. Frå 1912 skulle elevar på gymnasa skrive stilar på sidemål. Skriftleg sidemålsundervisning vart frå då av gradvis utvida til å gjelde fleire og fleire elevar. Då ungdomsskulen vart obligatorisk for alle i 1969, fekk alle elevar obligatorisk skriveopplæring i sidemål, og då Mønsterplanen av 1974 vart ny læreplan i skulen, vart det innført eigen standpunktkarakter og eksamen i sidemål på slutten ungdomsskulen. På vidaregåande skular var det berre elevane på dei studiespesialiserande studieretningane som heldt fram med skriftleg sidemålsopplæring med obligatorisk eksamen og standpunktkarakter. På dei yrkesretta studieretningane skulle elevane halde fram med å lese på sidemålet, og dei hadde felles karakter.
Sakte, men sikkert gjekk sidemålsopplæring frå å vere ei sak for dei få elevane som gjekk på gymnasa, til å vere ei sak som gjaldt så godt som alle elevane i den norske skulen. Motstanden mot skriftleg sidemålsopplæring vaks då fleire bokmålselevar måtte gjennom det, og Norsk Målungdom brukte mykje meir tid på saka frå 1970-talet av enn tidlegare.
Men motstanden var ikkje ukjend for målrørsla og målungdommen. Riksmålsforbundet vart skipa då Stortinget i 1907 vedtok å innføre skriftleg sidemålsundervisning frå 1912, og riksmålsrørsla har kjempa mot ordninga heilt sidan då. I 1964 gjekk lektor Arne Roll i Narvik hardt ut i media og sa at han frå då av ville sabotere den skriftlege sidemålsundervisninga i gymnaset. Det vart ein stor debatt der målungdommar markete seg mot Roll, heilt til statsråden skriftleg bad lektoren følgje lovverket. I samband med innføringa av ungdomsskulen i 1969 gjekk debatten på om skriftleg sidemål skulle vere obligatorisk i dei nye ungdomsskulane. Til dømes vedtok Kragerø skoleråd at dei ikkje ville ha skriftleg sidemålsopplæring, og oppmoda andre skuleråd om å vedta det same.
Utover på 1970-talet var det på landsmøta til Norges Gymnasiastsamband (NGS) og andre elevorganisasjonar harde debattar om obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning. Målungdommen mobiliserte stort ved å passe på at deira folk vart valde til å vere utsendingar på landsmøta.
I 1982 leverte Ungdommens riksmålsforening 25 000 underskrifter mot skriftleg sidemålsundervisning til utdanningsministeren. Same året vedtok NGS med overveldande fleirtal å halde på obligatorisk skriftleg sidemål. Året etter vedtok NGS at dei i perioden november 1983 til mars 1984 skulle ha ei uravrøysting der dei 90 000 elevane på vidaregåande skular kunne røyste over korleis sidemålsundervisninga skulle vere. Norsk Målungdom og Ungdomens riksmålsforbund mobiliserte på skulane og deltok på debattmøte.
Resultatet vart om lag 60 prosent for valfritt sidemål og 30 prosent for obligatorisk skriftleg sidemål. NGS var frå 1985 mot skriftleg sidemål og for valfritt sidemål. Framstegspartiet og Unge Høgre gjorde liknande vedtak i same perioden, medan Høgre først i 1997 vedtok at dei var for valfri sidemålsundervisning. Tapet i NGS var ikkje nokon sluttstrek for sidemålsstriden i elevorganisasjonane, og Målungdommen heldt oppe diskusjonane både hos NGS og etterfølgjaren Elevorganisasjonen.
Kampen om sidemålet sin plass i norskfaget prega også 2000- og 2010-talet. Oslo Unge Høgre lanserte i 2000 ein kampanje med slagordet «La dem raute nynorsk (bare vi slipper)». Høgrebyrådet i Oslo søkte same året om eit forsøk med valfri undervisning i sidemål på vidaregåande skular og fekk gjennomslag for forsøket. Norsk Målungdom og resten av målrørsla lukkast med å stogge nye forsøk og eit framlegg om å fjerne sidemålseksamen i ungdomsskulen. Eit nederlag kom då kunnskapsminister Kristin Clemet i 2004 gjorde sidemålseksamen på vidaregåande om frå obligatorisk eksamen for alle til trekkeksamen.
På 2010-talet kom motstanden frå uventa hald. Sosialistisk Venstreparti (SV) hadde lenge støtta obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning, men det var ikkje til hinder for at kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) i 2012 kom med eit framlegg om lågare kompetansekrav i sidemål enn i hovudmål og forslag om færre karakterar og eksamenar i sidemål. Norsk Målungdom meinte at regjeringa heller burde halde på likestilte kompetansemål i sidemål og hovudmål og på sidemålseksamen og sidemålskarakter, og at elevane skulle starte tidlegare med skriftleg sidemålsundervisning.
Striden splitta partia i regjeringa, og i SV vart det fullt opprør. Tidlegare målungdom og dåverande bystyrepolitikar i Bergen, Oddny Miljeteig, reagerte med å verve hundrevis av medlemmer til Noregs Mållag. Saka enda med det framleis skulle vere likestilte kompetansemål i hovud- og sidemål, det skulle framleis vere standpunkt- og eksamenskarakter i sidemål, og skriving på sidemålet skulle ta til på 5. trinn. I tillegg vart det sett i gang eit forsøk på vidaregåande skular med felles undervegsvurderingskarakterar i hovudmål og sidemål.
Hausten 2017 starta prosessen med nye læreplanar i alle fag med tittelen Fagfornyinga, då med regjering frå Høgre og Framstegspartiet. Resultatet kom i 2019. Eksamens- og standpunktkarakterane i sidemål stod ved lag, men det vart ulike kompetansemål i skriving i hovudmål og sidemål. Dessutan vart det i tråd med prøveprosjektet frå 2013 felles karakterar i undervegsvurderingane på 8. og 9. trinn på ungdomsskulen og 1. og 2. trinn på vidaregåande skule.
Ung på 2010-talet
Kvardagen til både unge og vaksne vart stadig meir digitalisert på 2010-talet, med mellom anna digitale læremiddel, appar og sosiale media og kanalar. Samstundes auka talet på ungdom som fall ut av vanleg vidaregåande skule. Fleire alternative tilbod og linjer vart etablerte for å gje fleire rammer for læring enn klasserommet.
Skulekvardagen utover på 2010-talet vart stadig meir digitalisert. Lærebøker vart lesne på skjerm, og innleveringar på skule og vidare utdanning fann stad på digitale plattformer som til dømes itslearning. Samstundes oppstod det ein helsetrend mellom ungdom. Konsumet av sukkerhaldig drikke og kaloririk mat gjekk ned til fordel for flaskevatn og eit stadig meir vegetarisk kosthald. Talet på 15–16-åringar som røykte sigarettar dagleg, som i 1999 hadde vore på 23 prosent, var i 2019 nede på under 3 prosent. Miljøkampen vart ladd med nye omgrep; «miljø» vart til «klima», og «drivhuseffekt» vart til «klimaendring».
Samstundes kom ein auke i talet på ungdom som fall ut av vanleg vidaregåande skule. Folkehøgskulane utvikla stadig nye tilbod og linjer, og i Bergen kom den første produksjonsskulen. Hyssingen produksjonsskole var for dei som trong praktisk retta aktivitetar og andre rammer for læring enn klasserommet. Frå statleg hald kom det storstilte prosjektet Ny GIV i 2010, der fleire departement gjekk saman for å løyse problemet med fråfall i vidaregåande opplæring. Det enorme fokuset på vidaregåande utdanning for alle hadde synleggjort at ingen modellar passar for alle.
For ungdom som for vaksne vart 2010-talet ei tid med dagleg bruk av mobiltelefon, nettbrett og sosiale medium. Mobiltelefonen var ikkje lenger noko ein berre ringde med, men eit app-basert univers der ein kunne sjå filmar, finne informasjon eller få nye venner. Kvardagsøkonomien vart òg digitalisert, og nettbank og Vipps utkonkurerte bankkort og kontantar. Gamle og unge kommuniserte gjennom sosiale kanalar som Instagram, Facebook og Snapchat. Då ein heil nasjon vart skaka av hendingane på Utøya 22. juli 2011, var grufulle oppdateringar og detaljar berre tastetrykk unna.