- 1/1
Kampen for språkmangfald
Arbeid med det språklege mangfaldet i Noreg har lange tradisjonar i målrørsla. Sjølv om Målungdommen hadde «Nynorsk som einaste riksmål!» som slagord på slutten av 1980- og 1990-talet, har Målungdommen fleire gongar nytta posisjonen sin til å støtte andre språk og organisasjonar rundt dei gjennom samarbeid og støtte.
Språkmangfaldet i Noreg er stort. I språklova som gjeld frå 2022, står det at den norske staten har ansvar for dei likestilte skriftspråka nynorsk og bokmål, dei samiske urfolksspråka nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk, dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, og norsk teiknspråk som det nasjonale teiknspråket. Kvensk, romani, romanes og dei samiske språka er innmelde i Den europeiske pakta for regions- eller minoritetsspråk, og Europarådet overvaker korleis Noreg handsamar desse språka. Dessutan vert det arbeidd med å revitalisere pitesamisk, umesamisk og austsamisk/skoltesamisk. Desse språka var tidlegare brukte i Noreg, og har språkbrukarar i nabolanda våre. I Noreg vert det òg brukt ei rekkje nyare innvandrarspråk som polsk, somali og svensk.
Arbeid med språkmangfaldet i Noreg har lange tradisjonar i målrørsla. Saka heng saman med det internasjonale engasjementet Norsk Målungdom. Ein startskot for dette var «Minoritetsspråk i Europa»-konferansen i 1967, som Studentmållaget i Oslo skipa til. Særleg samiske spørsmål var ofte tema for artiklar i medlemsblada til Norsk Målungdom og lokallaga allereie frå 1960-talet av. Målungdommen meinte dessutan at rettferdskravet om læremiddel til same tid og pris òg måtte gjelde for samiske læremiddel. Sjølv om Målungdommen hadde «Nynorsk som einaste riksmål!» som slagord på slutten av 1980- og 1990-talet, støtta dei samisk og såg solidarisk på samane sin strid. Dei var motstandarar av bokmålet, men ville stø andre språk. Til dømes vedtok både Norsk Målungdom og andre i målrørsla at dei støtta samane som kjempa mot utbygginga i Alta-Kautokeino-vassdraget.
Men trass i støttefråsegner og artiklar i medlemsblada arbeidde Målungdommen lite med samisk språkpolitikk dei første tiåra. Det var heller ikkje gjort mykje med kvensk, norsk teiknspråk, romani og romanes. På same vis var retten til morsmålsopplæring for innvandrarar inga stor sak i målrørsla. Målungdommen var meir opptekne av internasjonale saker, som språkstridar i andre land.
Utover på 2000-talet endra dette seg. Innvandring, integrering og morsmålsopplæring kom på toppen av arbeidsprogrammet til Norsk Målungdom. I 2008 markerte Målungdommen Mangfaldsåret med ein mangfaldskonferanse, med innleiingar om kviterussisk, katalansk og språkpolitikken i EU.
Eit startskot for eit meir omfattande arbeid for språkmangfaldet i Noreg kom med Språkåret 2013. Dette var ei markering av alt språk i Noreg, med utgangspunkt i at det var 200 år sidan Ivar Aasen fødd, og 100 år sidan nynorskteateret Det Norske Teatret vart skipa. Då skipa Norsk Målungdom til konferansen Nordisk språkmangfald med deltakarar frå både Målungdommen, Norges Døveforbunds Ungdom og dei samiske organisasjonane Noereh og NSR-U. Konferansen bidrog til å skulere Målungdommen i stoda for andre språk i Norden, i tillegg til at medlemmene vart kjende med andre ungdomsorganisasjonar som arbeidde for språk. I åra etterpå freista Norsk Målungdom å bruke posisjonen sin som den største ungdomsorganisasjonen for språk i Noreg til å støtte dei andre organisasjonane og styrkje dei andre språka.
Fleirspråkleg skilting og fleirspråklege namn var viktige saker for å gjere språkmangfaldet synleg. Målungdommen starta med seg sjølv: I 2015 vedtok dei «Program for Noreg som fleirspråkleg samfunn» og fekk samstundes på plass organisasjonsnamn på lulesamisk, sørsamisk, nordsamisk og kvensk. Året etter fekk studentmållaga gjennomslag for at Noregs Mållag òg skulle ha namn på desse språka. Målungdommen kravde at kommunar med samiske og kvenske namn gjorde desse namna offisielle, og pressa på for å få ungdomsorganisasjonar og ungdomsparti til å vedta namn på nynorsk, samisk og kvensk. I kampanjen Fleirspråkleg framtid – Máŋggagielalaš boahtteáig – feira dei på sosiale medium kvar gong kommunar og organisasjonar gjorde vedtak om namn på fleire språk.
Medlemsblad i Norsk Målungdom: frå Apropos til Motmæle
Å gi ut eit eige blad har lenge vore ein effektiv måte for organisasjonar å spreie meiningane sine på. Blada til Målungdomen sentralt og lokallaga hadde ein leiande funksjon i målrørsla og nådde ut til fleire enn dei som var aktive i eit lokallag, mellom anna ved at dei blei spreidde til skular og bibliotek.
Å gi ut eit eige blad har lenge vore ein effektiv måte for organisasjonar å spreie meiningane sine på. Likevel gjekk det over ti år frå skipinga i 1961 til Norsk Målungdom fekk si eiga avis.
Studentmållaga og elevmållaga hadde i årevis handskrivne blad som dei las høgt på lagsmøta, og nokre av dei byrja alt før krigen å gi ut blad og aviser. Men på 1960-talet auka talet på blad markant: Studentmållaget i Oslo gav ut bladet Apropos frå 1959, Studentmållaget i Bergen gav ut Vestlandsfa’n frå 1964, og Studentmållaget i Nidaros gav ut Måltrasten frå 1965. Seinare kom fleire til.
Bladet Mål og Makt er det einaste av desse som, med nokre få avbrot, har kome ut samanhengande heilt fram til 2020-talet. Bladet starta med tittelen Sentrum og periferi i 1971, men skifta året etter namn til Mål og Makt. Namnet var inspirert av eit blad Studentmållaget i Oslo gav ut på 1930-talet. Mål og Makt har hatt som mål å vere eit politisk og kulturelt tidsskrift heller enn ei dagsaktuell avis. Blada til lokallaga hadde ein leiande funksjon i rørsla og nådde ut til fleire enn dei som var aktive i eit lokallag, særleg ved at dei vart spreidde til skular og bibliotek.
I 1972 skipa Noregs Student- og Elevmållag, som Norsk Målungdom heitte då, det første bladet sitt: Målfront. Før dette hadde bladet Apropos frå 1962 òg vore medlemsblad for landsorganisasjonen. Dei første tre åra hadde Målfront fleire fellesnummer saman med Apropos og Vestlandsfa’n, men frå då av og fram til 1979 stod avisa på eigne bein. I 1980 skifta bladet namn til Folkemål. Ein periode kom blada ut i Bergen, og tidvis hadde bladet redaksjonen spreidd utover heile landet – noko som kunne vere krevjande i ei tid utan internett og e-post.
I 1985 skifta bladet namn til Gygr, som var eit gammalt namn på ei jotunkvinne. Dette namnet forsvann fort, for etter berre eitt nummer var namnet endra til EG. Namnet EG vart brukt heilt fram til 1997, då bladet skifta namn til Motmæle. I 2021 kom Motmæle ut med tre nummer i året, og ein del av tekstane frå bladet vart òg publiserte på motmæle.no.
I tillegg til å nå enkeltmedlemmene har det vore eit mål å spreie informasjon frå sentralleddet til dei ulike lokallaga. Lokallagsblad har vore ein måte å gjere dette på. Lokallagsbladet med lengst soge er NMU-nytt, som starta opp i arbeidsåret 1976–1977 og vart gitt ut fram til det gjekk inn som ein del av Folkemål i 1982. Lagsposten var eit tilsvarande blad som kom ut tidleg på 2000-talet. Dei seinare åra har Norsk Målungdom brukt andre måtar å halde kontakten med lokallaga på, til dømes e-postlister og grupper på Facebook.
Medlemsjuks-saka: «Idealisme på ville vegar»
TV 2-programmet Rikets tilstand avslørte i 2002 omfattande medlemsjuks i Norsk Målungdom. Dermed viste det seg at organisasjonen hadde fått meir i offentleg støtte enn dei skulle ha, som førte til at andre organisasjonar fekk mindre. Etter avsløringane stod Norsk Målungdom svekt att, men i åra etter la medlemmer og støttespelarar ned ein stor innsats for å berge organisasjonen.
TV 2-programmet Rikets tilstand avslørte i 2002 omfattande medlemsjuks i Norsk Målungdom. Organisasjonen hadde fått meir i offentleg støtte enn dei skulle.
Støtteordningane for organisasjonar var laga slik at organisasjonane fekk meir pengar jo fleire medlemmer og lokallag og jo meir aktivitet dei hadde. Jukset til Norsk Målungdom førte til at dei fekk meir pengar enn dei skulle, slik at andre organisasjonar fekk mindre. Det førte igjen til at Norsk Målungdom fekk meir makt og påverknadskraft.
Økokrim sette i gang etterforsking etter programmet og sikta organisasjonen for medlemsjuks. I 2003 vart organisasjonen og seks sentrale tillitsvalde sikta og dømde for lovbrota i Oslo tingrett. Norsk Målungdom som organisasjon vart dømd til å betale attende 2,88 millionar kroner og fekk ei bot på 100 000 kroner, medan dei seks medlemmene fekk kortare fengselsstraffer.
Ingen av dei som vart straffa, hadde tileigna seg pengar til eiga vinning. Fungerande leiar i Noregs Mållag, Håvard Teigen, skildra medlemsjukset som «idealisme på ville vegar» i tala han heldt på mållagslandsmøtet i 2003. Medlemsjukset var berre kjent mellom nokre få i leiinga av organisasjonen og avsløringane sjokkerte både vanlege medlemmer og tillitsvalde.
Fleire andre ungdomsorganisasjonar har òg blitt etterforska for medlemsjuks, til dømes Oslo AUF i 1995. Mykje tyder på at overrapportering av medlemstal var ein ukultur som prega store delar av den unge frivilligheita fram til desse sakene vart avslørte i 1995. Økokrim rekna eventuell overrapportering av medlemstal i Norsk Målungdom før 1997 som forelda, og det er aldri granska når medlemsjukset i Målungdommen starta.
Noregs Mållag evaluerte saka i 2004. I evalueringa såg dei det som truleg at medlemsjukset starta lenge før dei som vart dømde, var aktive i organisasjonen. I evalueringa nemnde Noregs Mållag tre potensielle moment som kunne forklare kvifor Norsk Målungdom heldt fram med medlemsjukset etter at AUF vart avslørt i 1995: – Dei hadde eit avansert system for overrapportering som var vanskeleg å avsløre. – Å slutte med medlemsjuks ville føre til dårlegare økonomi og kunne potensielt avsløre at forgjengarane hadde drive med medlemsjuks. – Tilhøvet mellom Noregs Mållag og Norsk Målungdom var dårleg på denne tida, noko som gjorde det lite truleg at Mållaget ville gi dei hjelp til å kome ut av situasjonen. Noregs Mållag understreka at korkje desse momenta eller det at andre hadde drive med medlemsjuks, fritok leiinga i Målungdommen for ansvaret dei hadde hatt for å stoppe medlemsjukset.
Etter avsløringane stod Norsk Målungdom svekt att: Dei mista statstøtta ein periode, sentrale medlemmer vart fengsla, og med ei ventande milliongjeld måtte dei kvitte seg med så mange utgifter som råd. Dei hadde ikkje lenger råd til å lønne tilsette og vart avhengige av Noregs Mållag for å ha råd til å ha kontor. Bota og tilbakebetalingssummen skulle i formelt sett betalast på 14 dagar, men i 2005 inngjekk organisasjonen ei nedbetalingsavtale der dei betalte ned gjelda over ti år.
I åra etter la medlemmer og støttespelarar ned ein stor innsats for å berge organisasjonen. Dei fekk verva medlemmer slik at dei kom over kravet om 1000 medlemmer for å få statstøtte, og starta arbeidet med å byggje opp att tilliten til organisasjonen. Det siste avdraget på gjelda vart betalt i 2015.