Det hev ei rose sprunge

Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot so grann.
Som fedrane hev sunge:
Av Isais rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
Ved mørke midnattstid.

Om denne rosa eine
er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine,
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
Som var i spådom sagt.

Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein Frelsar,
Og natti vart til dag.

Tysk song frå 1500-talet

Tekst
Omsett av Peter Hognestad
Les meir om Peter Hognestad på Allkunne.no

Kjelde
Nynorsk salmebok for kyrkja og heim. Eide Forlag, Bergen 2013

Songbøker

Ønskjer du å lære fleire julesongar? Då kan du kjøpe desse bøkene i nettbutikken vår: