Det lyser i stille grender

Julekveld

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos ikveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held.
 
Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.
 
Han låg der med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.
 
Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.
 
Den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt
om barnet, Guds Son, vår sonar,
som døden for evig batt.

————————— 

Det siste verset – altså det femte, strauk Jakob Sande, då han ikkje var nøgd med det. Han grunngav dette med mellom anna: «Ein kan ikkje binde mørkret». I  Norsk Salmebok frå 1985 vart 5. verset medteke att og omskrive, sjølv om familen sa nei – med tilvising til at Jakob Sande sjølv hadde stroke det. (Ove Eide: Liv. Dikting, Oslo 2006). 5. verset står framleis i Salmeboka (2013-utgåva):

Verset var originalt slik: 

Songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt.
um barnet, Guds son og sonar
som myrkret for evigt batt.

Dikt

Tekst

Jakob Sande skreiv diktet sommaren 1931, og dette er diktet slik det første gong stod på trykk i Jul i Sunnfjord 1931 med tittelen «Julekveld».
Les meir om Jakob Sande på Allkunne.no

Melodi
Lars Søraas d.y. (1887—1976) skreiv i 1948 den tonen som er mest brukt i dag.