Fager kveldssol smiler

(Abend wird es wieder)

Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld!

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.

Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

Tekst
August Heinrich Hoffman von Fallersleben, til norsk Peter Hognestad

Melodi
Chr. H. Rinck ca. 1814 

Kjelde
Frå Ivar Grimstad (red): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987. Tysk original 1837, trykt 1839. Norsk omsetjing første gong prenta i Norsk Barneblad 4.12.1904, med endra siste strofe i Stille Stunder, 1910.