Gamlestev

Ingen fuglen flyger so hågt
som grågåsi med sine ungar,
og ingen ormen sting so sårt
som falske manna-tunga.

Drukken manns ord er draumen likt;
ein føre det ingen fyr øyra;
han talar so mykje um eftan
han vil «kje um morgon høyra.

Sutene og sorgene
dei trør eg under fot;
di gladare skal eg halda meg,
di meir det gjeng meg imot.

Sutene og sorgene,
det blandast alt tilsaman;
munnen lær, og hjarta græter,
det er so lite gaman.

Stev

Tekst
Ukjend

Melodi
Ukjend

Kjelde
Frå Mads Berg og Rasmus Stauri: Sangbok for norsk ungdom. Kristiania: H. Aschehoug & Co. 1923.
Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre