Kjerringa med staven

Kjerringa med staven
høgt opp i Hakadalen!
Åtte potter rømme,
fire merker smør,
såleis kinna Kari,
Ola hadde før.
Kjerringa med staven.

Kjerringa med sekken
hoppa over bekken.
Og no datt ho uti,
og så blei ho våt,
men då ho kom opp att,
var ho like kåt,
Kjerringa med sekken.

Kjerringa med sleiva,
sat høgt oppi kleiva.
og så vart ho vare
Jutul-yten då:
«Jammen var det karar
før i verda òg!»
Kjerringa med sleiva.

Kjerringa med tvuru
sette seg i ei furu.
Og så kom ein hare 
hoppande forbi.
Han sa: Sit du bare!
tiri – tiri – ti!
Kjerringa med tvuru.

Kjerringa ho stridde,
så kom ein kar og fridde:
«Vil du vera kjerring,
skal eg vera mann;
vil du koke kaffe,
skal eg bera vann.»
Kjerringa ho stridde.

Folkevise

Kjelde
Alvestad: Norsk songbok, 1964.

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre