Reven ruslar over reset

:/: Reven ruslar over reset. :/:
:/: Får vi lov, får vi lov
å syngja skreddaren ei vise? :/:

Så gjer skreddaren kvar han går,
kvar han sit eller kvar han står.
:/: Får vi lov, får vi lov
å syngja skreddaren ei vise? :/:

:/: Reven ruslar over reset. :/:
:/: Får vi lov, får vi lov
å syngja bakaren ei vise? :/:
Så gjer bakaren kvar han går osb.

Syng også om spelemannen, damene, smeden eller andre

Songleik

Tekst
Ukjend

Melodi
Ukjend

Kjelde: Frå Mads Berg: Skulesongbok, 1966 (4.opplaget-1987). Trykt i Magnus Våge: Songleikar.

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre