Songen um Klokka

1.
 
Murad fast i Auren stender
Formi som av Leir er brend.
No i Dag det gjeld um Hender:
no skal Klokka vera rend.
Heit um Skallen daa
Sveiten siga maa,
um vaart Verk av oss skal skreppa;
men fraa Himmel’n kjemer Heppa.
 
Til aalvorsame Verk og Mødor
det høver aalvorsame Ord;
naar Verket gjeng med goda Rødor,
so er ei Gjerning lettleg gjord.
So lat oss daa med Umsyn merka,
kvat veika Hender vinna maa;
dei Folk, som utan Tanke verka,
dei kunna liten Vyrdnad faa.
D’er det, som Mannen mest mun pryda,
og dertil fekk han og sitt Vit,
at han i Hugen rett maa tyda
all Verkning av sitt Stræv og Strit.
 
2.
 
Take Vid av Furestomnen;
turr og traust han vera maa,
at det sterke Baal i Omnen
kann seg inn i Malmen slaa.
Sjode Kopar’n hardt,
slaa i Tinet snart,
at det seige Smelteslaget
renna kann paa rette Laget.
 
Det Sod, me her i Gruva sjoda,
det Verk, som Elden skapar nytt,
det skal i Klokketornet ljoda
og vitna um oss høgt og lydt,
Det vara skal til seina Tider
og fram til mangt eit Øyra naa;
det klaga skal med den, som kvider,
og vekkja Song med heilag Traa.
Alt som den skifterike Lagnad
legg yver Mannen Lyst og Sut,
so synger Malmen Sut og Fagnad
og Ljomen gjeng aat Viddom ut.
 
3.
 
Kvita Bolor seer eg spretta:
alt i Braadning Malmen er.
Oskesalt me i skal smetta,
at han snøggre Smelting fær.
Kjem det Skum uppaa,
fløyt det vel ifraa.
Rein og skir skal Malmen sjoda,
reint og skirt skal Røysti ljoda.
 
For med ein Helgar-Svip i Klangen
ho helsar paa ein nyfødd Gjest,
som paa den fyrste Heimangangen
kjem sovande til Kyrkjefest.
D’er løynt, kvat Framtid han skal finna,
kvat der han tapa skal og vinna;
men Moderhug skal honom agta
og um hans ljose Morgon vakta;
og Aari ganga fort sin Gang.
Stolt fraa Smaagjentom Guten sviver
og stormar ut i Livsens Sveim;
i Verdi vidt i Kring han driver
og kjemer sidan framand heim.
Men litle Gjenta stor er vordi
og stend i beste Blomen sin,
væn som ei Himmels-Syn paa Jordi
med Blygdar-Raudning bjart um Kinn.
Daa kjem eit ukjent Sviv i Barmen,
og Guten verd um Hjartat veik;
han einsleg gjeng og flyr fraa Svarmen
og hugast meir til Sorg en Leik.
Han fylgjer henne bljug i Vegen,
naar fyrst ho helsar, er han sæl;
han leitar Blomar og er fegen,
um dei maa tekkjast henne vel.
Du milde Lengting, søte Drøyming,
i Elskugs fyrste Tidom kjend:
i Hjartat syd ei Sæle-Strøyming;
fyr» Augom Himmel’n open stend.
Aa, giv han alltid vara skulde,
den Ungdoms Elsken, utan Kulde!
 
4.
 
Sjaa, det brunkast alt av Brensla.
Haldt ned i ein Tein og sjaa:
daa fyrst er det Tid til Rensla,
naar som Glas det fester paa.
Sveinar, gjæte paa!
Lat oss Blandet sjaa,
um den harde Malm og stinne
vel vil mengjast med den linne.
 
Der som det harde med det linne
og sterkt og mildt er saman inne,
der giv det jamt so god ein Klang.
Di skal ein, fyrr ein bind seg, prøva,
um Hjarta kann til Hjarta høva.
Ein Draum er stutt, ein Harm er lang.
Yndeleg i Brudar-Lokkor
glimar Kransen vel den Dag,
daa dei klaare Kyrkjeklokkor
bjoda Folk til Brudlaupslag.
Men den fegste Helg i Livet
flyr med Livnads-Vaaren snøgt;
Brudarkransen fell av Vivet,
og det største Ljos er sløkt.
 
Ja, Ofsen fær Slut,
men Elsken maa liva;
og Blomen døyr ut,
men Frukt maa han giva.
Snart Mannen lyt ut
i Vaas og i Møda
og syta til Føda
og pløgja og plukka
og freista si Lukka
og vaaga og trøyta
og Tiderna nøyta.
So koma Guds Gaavor i Garden umsider;
det munar i Budi med kvart Aar, som lider,
og Husi dei veksa og tøygja seg ut.
Og inne raader
den hæve Husmoder
i Smaabarna-Ringen;
ho styrer visleg den huslege Kringen;
ho vaktar Smaasveinen, ho lærer Smaakjella;
dei trottuge Hender maa stødt nokot stella.
Ho aukar sin Draatt
med skipande Haatt.
Med Midlar ho fyller den daamlege Hylla,
med Traad ho si snurrande Snelda vil fylla.
Ho sankar i reinslege, glitrande Skrin
den slikjande Ulli, det snjokvite Lin.
Ho kviler aldri; ho legg det, som fagnar,
til det, som gagnar.
 
Og fram etter seer Faderen glad
fraa den vidsynte Sval under Møne,
der han skodar sin trivlege Stad.
Sjaa dei Rader av Tre um hans Trøde
og den Løda, fullstappad av Grøde,
og det Buret med rokfulle Koppar
og den Aakren med svigande Toppar.
Stolt læt han Ord av Munn:
«Trygt som den faste Grunn
stender mitt Hus ved Lag
mot alt Ulukke-Slag.»
Men med Lukka vil det vera
vandt eit Festemaal aa gjera.
Braadt ei Ustund koma kann.
 
5.
 
No paa Brotet seer eg Merket,
at det er til Rensla reidt.
Lat oss bidja fyre Verket,
at det alt maa ganga greidt.
Slaa no Tappen fraa!
Gud til Huset sjaa!
Rjukand» inn um Hempa flaumar
Malmen radt i brune Straumar.
 
Ja, god er Elden med si Magt,
naar Mannen held um honom Vakt.
Dei største Mannsverk hava havt
si Hjelp av denne Himmelskraft.
Men sløg er denne Himmelskraft,
naar ingi Hand fær henne kvavt,
naar laus or Lekkjom ho seg slær
og fritt paa Tuftom leika fær.
Fæle Syn, naar ho fær fata,
veksa fritt og laupa fort
gjenom folkefulle Gata
veltand» yver Vegg og Port;
for dei store Krafter hata
slikt, som Manns-Hand heve gjort.
Ut or Skyom kjem Velsigning,
strøymer Rigning;
men or Skyom tidt med Tjon
skyter Ljon.
Høyr, dei ringja Storm; det kling
vidt i Kring;
raud som Blod
Himmel’n gløder;
slikt er inkje Dagsens Glod.
Høyr det trøder:
Folk fer ut.
Røyk slær ut.
Flugtand» upp ein Loge stiger,
fort som Vinden fram han siger
langs med Strætet, stor og diger.
Svidand» ut or Baalet vella
heita Guster; Bjelkar smella,
Stolpar sturta, Glasbrot singla,
Kvinnor sutra, Smaaborn vingla.
Budyr gnella
inn i Fella.
Alt er Berging, Røming, Renning;
ljos er Natt som Dag av Brenning.
Sløkkjarspann ei Rad av Hender
trottugt sender.
Gøysand» upp i høge Bogar
skvalar Vatnet millom Logar,
men til Uhapp Stormen flogar
hylande mot Baalet traatt,
Elden gnest og brakar braadt
i dei grødefulle Budom,
i dei turre Tekkjesudom;
og som um han reint av Tufti
vilde sopa med seg burt
alt, som stod paa Jordi turt,
stig han himmelshøgt i Lufti.
Raadlaus maa
Mannen daa
vika fyr» ein Himmels-Styrke;
sturen seer han alt sitt Vyrke,
all si Gjerning spillt i Dufti.
 
Alt er brent.
Storm og Yrja
leikar um den heite Myrja.
Opne, tome Glashol glyggja
fram med Styggja,
og dei høge Skyer skyggja
i deim inn.
Endaa maa
att paa Staden
etter Skaden
Mannen sorgfull ein Gong sjaa. —
So giv han seg paa Gangarvegen.
Kvat Tap og Tjon han heve havt,
der er daa Hugnad midt i Tregen:
han tel sitt Folk og verder fegen,
han seer, at ingen der er tapt.
 
6.
 
Malmen er i Botnen runnen;
heppeleg» er Formi fyllt.
Skal det koma heilt or Grunnen?
Skal det verda blenkt og gyllt?
Enn um Rensla sveik,
enn um Formi veik ?
Medan me det beste vonad»,
er kannhenda alt fortjonat.
 
I myrke Moldi ned me smetta
vaart Verk og venta Gagn av Daad.
So straar ein Saamann ut sitt Saad
og vonar, at det upp skal spretta
til Hugnad med Guds høge Raad.
So saa me stundom større Sæde
i heilag Jord med Sorg og Sut;
men endaa or sitt Jordeklæde
me tru, det stig til Blomstring ut.
 
Tungt i Tornet
under Stong
kveder Klokka
Gravarsong.
Daa ho fylgjer, aalvorsam i Klangen,
ein, som er paasidste Heimangangen.
 
Ja, det er ein saknad Make,
d’er den holle, milde Moder,
som den myrke Dauden skilde
burt fra Mannen utan Milde
og fraa vesle Bornom, som
fram til Ljos fraa henne kom,
som ho saag med Moderhug
muna til i Vit og Dug.
Løyst er no det mjuke Bandet,
som um Huset bundet var;
for ho bur i Skuggelandet,
ho som Moderbyrdi bar.
Hennar holle Vøling vantar,
hennar Umsut gjekk ifraa.
Framandt Folk med Bornom skantar;
Moder aldri meir dei faa.
 
7.
 
Medan Klokka kolnar, taka
me ei roleg Kvilestund.
No kann kvar sin Fridom smaka,
glad som Fugl i grøne Lund.
Naar det lid til Kvelds,
Drengen fri og frels
kviler trygt og utan Kvida;
Husbond han maa lenger strida.
 
Heim or ville Skogen stiga
fegne Folk i Kveldingsljoset;
heim or Markom spakleg» siga
Sauder mekrande til Fjoset.
Nauteflokken,
slette, skallebreide Skokken,
kjem av Raasom
rautande til gamle Baasom.
Tung med Korn
kjem ei Kjerra
under Sperra.
Paa dei skorne sidste Korni
ligg ein Krans,
og dei glade Grendarborni
fly til Dans.
Inn fraa Vegom Staaket ræser,
Grindi riktande seg læser;
Folk i Stova trøyter Kvelden
fram ved Aaren kring um Elden.
Yver Jordi
Myrkret tekkjer,
men dei gode ei det kvekkjer
med si Magt;
d’er dei vonde, som det vekkjer,
for det stender Log og Rett paa Vakt.
 
Heilag er du, himmelsende
Landsrett, signad utan Ende,
du som Gard og By leet byggja,
der seg Folket fritt kann tryggja.
Du dei ville Kjempor tamde
og deim trygt i Grender samde.
Du steig inn i Landsens Bygder,
vande Folk til Sed og Dygder,
vov um deim det beste Bandet:
kjærleg Hug til Fødelandet.
 
Tusund Hender radt seg røra,
hjelpast aat med lystugt Lag;
og dei friske Rørslor føra
alle Krafter fram til Dag.
Fritt med Hug sitt Verk dei gjera,
Svein og Meister lika hollt;
kvar i sin Stad gild tykst vera,
blæs aat kvar ein Spottar stolt.
Arbeid pryder Folk i Landet,
og Velsigning fylgjer paa.
Kongar faa si Frægd av Standet,
me skal Frægd av Arbeid faa.
 
Holle Fred, du Vinskaps Ande,
giv du stande
stødugt yver denne Stad!
Giv den Dag maa aldri koma,
daa ein Fiend», ill og galen,
skulde herja denne Dalen,
daa vaar Himmel,
som um Kveld so mildt seg maalar
yver Land,
skulde verda skjemd av Straalar
fraa ei Bygd, som stod i Brand!
 
8.
 
Slaa no heile Raama sunder;
no ho heve teent si Tid.
Syn oss den, som er innunder,
um ho no vardt væn og frid.
Hamre, so det smell,
til at Kaapa fell.
Fyrst maa Formi sunder siga,
fyrr vaar Støypning ut kann stiga.
 
D’er godt, ein Smid si Form kann brjota
i rette Tid med kunnug Hand.
D’er illt, naar gloheit Malm fær skjota
seg ut i Kring forutan Band,
naar fyrst med Torebrak han sprengjer
det brotne Bur og gøyser ut
og Eld paa alla Sidor slengjer
kring um seg med sin arge Sprut.
Der ville Krafter vitlaust jaga,
kann inkje Kunstverk vel seg laga.
Der Folk med Sverd seg lause slaa,
der ingi Velferd standa maa.
 
Det er ei Rygd, naar Ufreds Tunder
er lenge sankat i eit Land,
naar Folket bryt si Lekkja sunder
og spretter av seg alle Band.
Daa Upprør hardt i Strengen rykkjer
paa Klokka, so ho gneller ved;
den same Malm til Ufred klykkjer,
som fyrrmeir berre klang til Fred.
 
D’er Rop um Fridom og um Jamning,
og fredsam Borgar strida vil.
I Gatom er der Folkesamning,
og Herjarflokkar strøyma til.
Daa verda sjølve Kvendi ville
og skjemta med all Skjelv og Sut;
or Fienden som Udyr ille
dei vilja riva Hjartat ut.
D’er inkje heilagt meir; ein finner
snart inkje Band av Blygd og Skam;
den gode fell, den vonde vinner,
og alla Synder ganga fram.
Vist er ei Løva vond aa vekkja,
vist er ein Tiger arg og ill;
men eit, som endaa meir kann kvekkja,
er Mannen, naar han slær seg vill.
D’er faafengt, at den blinde Daare
fær laant eit Himmelsljos i Hand;
det lyser ei; d’er helder Faare,
at Land og Stad det set i Brand.
 
9.
 
Gleda vilde Gud oss giva!
Sjaa, kor væn vaar Støypning vardt.
Sjaa, ho blenkjer fraa si Skiva
som ei Stjerna rein og bjart.
Som ein Straale-Ring
glitrar rundt i Kring,
og det nette Meistermerket
rosar den, som gjorde Verket.
 
Kom her, kom her!
Kom kvar, som her var med aa støypa,
at me med Namn maa Klokka døypa,
og hennar Namn det «Semja» er:
Til Semja og til kjærleg Einskap saman
ho Folket kalla skal i Sorg og Gaman.
 
Det vera skal fraa desse Bil
det Verk, som ho er etlad til.
Paa Vegen upp mot Stjerneheimen
ho jamt med Tora sviva skal,
høgt yver all den laage Sveimen
paa Jordi under hennar Sal.
Ei Røyst or Høgdom skal ho vera
rett som dei ljose Stjernor smaa,
som Lovsong um sin Skapar gjera
og Krans um Aar og Tider slaa.
Sin Malmsong skal ho berre nøyta
til ævelege store Ting;
det timelege skal ho skøyta
som snarast i sin lette Sving.
Sjølv utan Sorg og utan Fagnad,
sjølv hjartelaus og aldri veik,
ho vitna skal um Gang og Lagnad
i Livsens skifterike Leik.
Og som den høge Ljomen dovnar
og døyr, so skal ho minna paa,
at Livet snart i Dauden sovnar,
at alt paa Jord vil Ende faa.
 
               —————
 
No skal Klokka upp av Tufti.
Kome no med Streng og Reim.
Vinde henne høgt i Lufti,
der som Klangen heve Heim.
Tøygje, tøygje paa,
at ho sviva maa.
Fyrste Tonen, ho skal kveda,
spaa oss alle Fred og Gleda!

Tekst:
Friedrich von Schiller (1799). Omsett av Ivar Aasen (1870).

Kjelde:
Frå Ivar Aasen: Skrifter i samlingTrykt og utrykt.

Kristiania og Kjøbenhavn. Forlagt av Gyldendalske Boghandel, Nordisk forlag. 1911-12.

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre