Litteraturdagane 2022

25.–28. august

Det er 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd og Vesaas-året blir markert med ei rekkje arrangement under festivalen 25. – 28. august, både med føredrag, film og musikk. I tillegg presenterer festivalen fleire andre forfattarar. 

Festivalen vil i hovudsak gå føre seg på Vinjar, vegg i vegg med Vinjesenteret. Dagprogrammet på fredag startar med Vesaas-føredrag og ein smakebit frå den nyskrivne Vesaas-antologien. Etterfylgt av Frode Grytten og Kjersti Rorgemoen. Fredag kveld blir det god stemning med høgtlesing frå Hildegunn Riise og Astrid Versto, filmframsyning, lydklipp med Tarjei, og så avsluttar me med Frode Grytten Beat Band som kombinerar litteratur og poesi med stor musikkglede og intens formidling. 

Laurdagen held fram med debutantprisvinnaren Kristin Vego og høgtlesing av Vesaas-tekstar ved Hildegun Riise og Olav Vesaas, før me får høyre meir om publisering av Vesaas ute i verda. Me avsluttar dagprogrammet med ei samtale om den historiske romanen med Victoria Kielland og Tore Kvæven. Laurdag kveld blir arrangert i Edland der Storegutprisen blir dela ut, Arne Vinje fortel om A. O. Vinje og Tarjei Vesaas, og det blir flotte tonar frå eit lokalt kor med solo av Aasmund Nordstoga og lesing av Stein Versto. 

Sundagen startar som vanleg med gudsteneste fyrst. På programmet er Erik Hillestad, medan Robertas Lamsodis gir oss musikk og song. Etterpå blir det føredrag med Per Esben Myren-Svelstad i Vinjar, om å lesa litteratur med skeive briller, før det heile blir runda av med hardingfelemeisteren Per Anders Buen Garnås.  

Nytt av året er eit barneprogram på Vinjesenteret på sundag, der Marianne Gretteberg Engedal les frå bøkene sine.

Bli frivillig

– Frivillige har kvart år gjort ein stor innsats for Litteraturdagane i Vinje. Festivalen er heilt avhengig av den gode hjelpa frå lokale krefter, seier dagleg leiar Petra Helgesen.

Kvart år er om lag førti personar med på å gjere Litteraturdagane til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Me ynskjer at du som frivillig får gode opplevingar i godt fellesskap. Dei som er frivillige får fribillettar til arrangement og t-skjorte.

Me treng mellom anna:

  • Billettvakter
  • Servering
  • Teknisk medhjelpar
  • Parkeringsvakt
  • Opp- og nedrigg
  • Sjåførar/transport
  • Pynting
  • Rydding
  • Vertskap

Ynskjer du å bli frivillig på Litteraturdagane kan du sende ein e-post til post@nynorsk.no. Skriv gjerne kva du ynskjer å bidrage med.

Praktisk informasjon

Arena og parkering

Vinjesenteret/Vinjar
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje

Edland
Storegutvegen 50, 3895 Edland

Transport

Vinje kommune ligg i Vest-Telemark i Vestfold og Telemark fylke. Følg E134 frå Bergen eller Oslo. Frå Oslo er avstanden ca 210 km. Frå Bergen ca 265 km.

Haukeliekspressen (Linje NW180) med Nor-way bussekspress har dagleg avgang frå Oslo og Bergen til Vinje kro i Åmot.

Telemarkekspressen (Linje NW 182) med Nor-way bussekspress har daglege avgangar frå Sandefjord, Skien, Porsgrunn til Seljord. Haukeliekspressen eller lokalbuss frå Seljord til Åmot Vinje kro.

 

Nor-way bussekspress


Lokalbussar i Vest-Telemark frå Åmot Vinje kro – Rauland m.m.

 

Festivalen oppmodar alle utøvarane og gjestene sine om å reise grønt og miljøvennleg, så sant det er mogeleg.

Rutefly til Oslo lufthavn Gardermoen dagleg. Om lag 4 timars reisetid med buss og bil til Vinje.

Rutefly til Torp lufthavn Sandefjord dagleg. Om lag 4 timars reisetid med buss og bil til Vinje.

 

Flyruter Norwegian

Flyruter SAS


Flyruter Widerøe

Overnatting og mat

På Rauland fins det ei rekkje overnattingsstader, frå Raulandsakademiet til hotell og hyttegrender. På visittelemark.no finn de ei rekkje av alternativa i Rauland. Rauland ligg om lag 25 minutt med bil frå Åmot.

Groven Camping i Åmot

 

Haukeli Hotel i Haukeli (om lag 36 minutt med bil frå Åmot til Haukeli/Edland)

 

Mjonøy camping i Vinje (om lag 15 minutt frå Åmot)

Her finn du arrangøren

Kontakt Litteraturdagane

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller tips til programmet vårt.

Petra Helgesen

ARENALEIAR

97 78 28 05 / e-post

Aasne Vesaas.

Åsne Vesaas

VERTSKAPS- OG PROGRAMANSVARLEG

46 70 60 73 / e-post

Om Litteraturdagane

Dei fyrste Litteraturdagane blei arrangert i oktober 2001, etter initiativ frå bygdefolk i Edland med Ragnvald Christenson i spissen. Litteraturdagane var då eit samarbeidstiltak mellom Sullamrei Historielag, Haukeli Husflidslag, Vinje Mållag, Telemark Mållag, Vinje kommune og Telemark Fylkeskommune. Festivalen fekk etterkvart eit eige styre og mange dugnadstimar har blitt lagt ned.

Utdeling av Storegutprisen blei ein del av festivalen i 2002, dette også etter initiativ frå Christenson. Prisen blir delt ut til den som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

I 2017 blei det gjort avtale mellom medlemslaget i Litteraturdagane og Nynorsk kultursentrum om at Nynorsk kultursentrum og Vinjesenteret skulle overta og vidareutvikle Litteraturdagane i samarbeid med medlemslaget.

Litteraturdagane er, slik dei starta, ein liten festival med fokus på litteratur med innslag av annan kultur og enkel, lokal matservering. Festivalen har tradisjonelt vore på ulike arenaer i kommunen. Dette vil ein freiste å halde fram med, men med det nye Vinjesenteret på plass og Nynorsk kultursentrum som arrangør er det naturleg at festivalen moglegvis vil finne ei litt annleis form, samtidig som me ynskjer å halde på det intime og lokale.