Om Vinjesenteret

Frå utstillinga på Vinjesenteret
Dei fire store: I det fyrste rommet i utstillinga på Vinjesenteret møter ein Halldis Moren Vesaas, Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa og Tarjei Vesaas. Foto: Line Omland Eilevstjønn/Nynorsk kultursentrum

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i dei fire lokale forfatterane Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

Gjestene får innblikk i kva dikting og journalistikk fortel om oss menneske og kva det tyder for oss. Senteret inneheld ei utstilling med utdrag frå bøker og journalistikk, bilete, sitat, flotte digitale installasjonar, spel om kjeldekritikk, barneløype, barnevegg, lesekrok og ei boksamling.

Dikting
Innanfor diktinga legg dette senteret vekt på dei skjønnlitterære forteljingane, som kjem i mange former og frå mange stader. Dei dikta forteljingane kan forføre, forundre, forandre og forklare. Vinjesenteret syner fram noveller, romanar og andre forteljingar. Senteret freistar å fortelje kva skjønnlitteratur tyder for samfunnet.

Journalistikk
Utstillinga tek utgangspunkt i den skrivne journalistikken i aviser og på nett. Vinjesenteret er det fyrste senteret som fortel om journalistikk allment, og det einaste i Norden som tek utgangspunkt i journalistikk, og ikkje mediebruk eller trykke- eller grafikarfaget.

Me har også enkel servering i resepsjonen, og ein liten museumsbutikk – velkomen!